Ikkje imot førehandsgaranti
Interesseorganisasjonen Norwea er ikkje imot å skjerpe kravet om økonomisk garanti for opprydding etter vindkraftverk.
I Sverige må vindkraftoperatørar stille økonomisk garanti for oppryddinga av eit vindkraftverk før vindkraftverket kan byggjast. Føremålet er å sleppe å risikere at offentlege midlar skal måtte brukast til framtidig nedmontering og tilbakeføring av landskap, skriv det svenske Naturvårdsverket på sine nettsider.
Sveitsiske kommunar kan krevje ein liknande garanti frå sine vindkraftoperatørar, ifølgje Det sveitsiske forbundskontoret for energi, i departementet for miljø, transport, energi og kommunikasjon.
Nyleg bad fleirtalet i energi- og miljøkomiteen på Stortinget også regjeringa innføre same krav overfor vindkraftutbyggjarar i Noreg. Politikarane frå SV, Ap, Sp og MDG meiner den gjeldande praksisen med å krevje garanti for opprydding innan utløpet av det tolvte driftsåret ikkje er trygg nok.
– Det kan skje store endringar i økonomien til eit selskap i løpet av 12 år. Med dagens 12-årsfrist risikerer ein konkurs eller nedlegging før ein garanti ligg føre, og det kjem dermed ikkje til å finnast midlar til opprydding og tilbakeføring, slik konsesjonen krev, skriv dei i ei innstilling til eit representantforslag om eigarskap og skattlegging av vindkraft i Noreg.
Bransje- og interesseorganisasjonen Norwea, som arbeider for å fremje norsk fornybar energiproduksjon, er ikkje avvisande til forslaget.
– Eg har ikkje høyrt noko som skulle tilseie at vi skulle motsetje oss noko slikt. Om kravet om garanti kjem før anlegget vert bygd eller i det tolvte driftsåret, utgjer ikkje så stor skilnad i praksis, så det er vi opne for å diskutere, seier Andreas Thon Aasheim, som er spesialrådgjevar i Norwea.
Han seier Norwea heller ikkje har sterke synspunkt på korleis ein slik økonomisk garanti bør utformast.
– Om det er snakk om ein bankgaranti eller ein fysisk konto med pengar på, spelar ikkje noka rolle. Det viktigaste er at NVE har ein garanti for at den summen pengar som trengst når det skal ryddast opp, er tilgjengeleg når han skal brukast, seier han.
Det har ikkje lukkast Dag og Tid å få kommentar frå OED til saka.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?