Hippiar ved makta i terrorens tid
«Vi er ikkje redde», sver dei som er redde.
Jihadistisk terror i Europa har nådd eit historisk høgdepunkt. I 2014–16 vart 273 menneske drepne i slik terror i Europa, meir enn i alle tidlegare år til saman, med 14 åtak i 2015–16, meir enn tre gonger så hyppig som i dei 15 føregåande åra. Faren for nye åtak forsterkar etniske og religiøse skiljeliner.
Ved sida av lidingane drapa og valden medfører, og faren for åtak med masseøydeleggingsvåpen, om jihadistiske nettverk skulle få tak i slike, er det undermineringa av samfunna gjennom radikalisering av dei muslimske minoritetane som er terrorens eigenlege trugsmål.
Terror og takstein
Å bli råka av terror kan ikkje samanliknast med å få ein takstein i hovudet, eller hamne i ei trafikkulukke. Medan det er ein del av sivilisasjonen at ein sjåfør misser kontrollen over køyretøyet og kjem over i motsett køyrebane, så representerer terrororganisasjonar som Al Qaida og IS eit sivilisasjonssamanbrot.
Jihadistisk terror i Europa spring ut frå eit organisert barbari som strevar etter total makt, med massemord på sivile, forakt for einskildindividet og seksuelt slaveri som delar av strategien sin. Eit samfunn som nedtonar dette åtaket på den menneskelege sivilisasjonen og legg det på same nivå som kollisjonar på E18, har oppgjeve seg sjølve. Difor er fortvilinga og raseriet i mediedekkinga av jihadistisk terror på sin plass.
Men i all sendetida og spalteplassen merkar vi sjeldan noko anna enn desse sorgreaksjonane. Det føregår overvaking av jihadistiske personar og miljø, med ein viss suksess, sidan halvdelen av alle seriøst planlagde terroranslag i Europa i 2015–16 vart oppdaga og forhindra. Men elles har få politikarar og kommentatorar andre mottiltak å by på enn å be oss å vere «årvakne», som Erna Solberg sa etter drapa i Stockholm.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.