Helsestell for dei friske
Å halda dei friske friske vinn fram som prioritering i helsestellet. Det tyder mindre pengar til behandling av dei som faktisk er sjuke.
Eit viktig ord er i ferd med å gå ut av bruk i offentleg helseteneste. Det er ordet sjuk, med alle sine avleiingar. Før hadde vi sjukehus og sinnssjukehus, no har vi nesten berre helse og omsorg. Sinnsliding er erstatta med svekt psykisk helse, og ein har lagt mykje arbeid i å døypa omsorga for sinnslidingar til psykisk helsevern.
Sjukdomsomgrepet
Kvifor vil dei som skal ta seg av dei sjuke, på kropp og sjel, ikkje ta ordet sjukdom i sin munn? Det kan vera fleire grunnar til det, somme av dei gode. Éin grunn er at sjukdom, særleg psykisk sjukdom, kan bli ein merkelapp ein klistrar på nokre få, som dermed blir ulike alle andre, og dermed utstøytte. Seier vi psykisk helse, er det noko alle har, meir eller mindre god.
Andre grunnar er mindre gode. For parallelt med at sjukdomsordet blir jaga ut av omsorgs–?og helsekorridorane (altså ikkje sjukehuskorridorane), så går det føre seg ei stor overflytting av pengar frå dei sjuke til dei friske. Det blir i dag investert sterkt i massive undersøkingar av friske menneske, for å passa på at dei ikkje blir sjuke.
Heile folkegrupper blir kalla inn og skanna og screena, som det heiter, for at ein skal finna den eine som kanskje er sjuk og som dermed kan få hjelp for sjukdomen sin. Det same gjeld medikamentbruken. Dersom ein reknar i hop all medisin som blir brukt i fedrelandet, så går nok langt meir til dei friske enn til dei sjuke. Ein held mogelege diagnosar i sjakk ved å ta førebyggjande medisin. står seg ikkje
I offentlege dokument blir denne tankegangen grunngjeven med økonomiske argument. Det klåraste dømet finst i samhandlingsreforma, der ein peikar på dei store økonomiske utfordringane som ventar, etter kvart som dei store generasjonane nærmar seg alderdomen. Eit verkemiddel for å halda kostnadene til helsestellet nede er å bruka mykje på førebygging og folkehelsearbeid, slik at folk ikkje blir sjuke. Det høyrest logisk ut, men det står seg neppe som økonomisk argument.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.