Heilt utan magemål

Det vert stadig vanskelegare å sjå kvar antisionismen stoggar og antisemittismen byrjar.

Publisert Sist oppdatert

«Jeg er Israel – som har full kontroll over USA og hele den amerikanske administrasjonen. Det er jeg som i praksis styrer landet. Alle vedtak som blir vedtatt i USA, er først og fremst ment til å tjene meg og mine egne interesser.»

Sitatet er frå forstandaren i Rabita-moskeen i Oslo, Basim Ghozlan. Han publiserte det på islam.no den 7. september 2006. Ghozlan er svært oppteken av jødar og Israel. Under den førre israelske invasjonen av Gaza, i januar 2009, skipa Ghozlan og Rabita-moskeen til ein demonstrasjon utanfor den israelske ambassaden i Parkveien. Fremst i toget plasserte Ghozlan nokre jentungar. Jamvel om jentene enno ikkje var komne i puberteten, hadde dei likevel tildekt hår og hals, dei var kledde i kvite kjolar dynka med raudmåling som skulle illudera blod, og kom med hatutsegner mot Israel.

Jentene vart pressa mot sperringane utanfor den israelske ambassaden av mobben som stod attom. Politiet måtte berga dei ut. Kva hadde hendt om Børre Knudsen eller andre kristne hadde nytta sine born på liknande vis, til dømes i abortkampen? Eg trur eg veit korleis norsk presse hadde reagert.

På jakt etter jødar

Då den offisielle demonstrasjonen var over i 2009, byrja muslimsk ungdom herjingar i sentrum. Dei var særleg på jakt etter jødar. Ein eldre mann frå Vestlandet som bar eit israelsk flagg i ein sympatidemonstrasjon for Israel, fekk knekt bein. Ungdomen ropa at han var jøde. Rabita-moskeen ville ikkje taka ansvar. Nadeem Ishqair frå Rabita-moskeen sa til dei frammøtte journalistane ved den israelske ambassaden då demonstrasjonen der var over: «Nå har vi gjort jobben vår, nå er det politiets tur til å ordne opp.»

Ein skulle tru at Ghozlan var diskredittert i norsk presse grunna den uansvarlege demonstrasjonen og konspirasjonsskuldingane, men nei. Førre veke inviterte Dagsnytt 18 han i studio. NRK ville vita kva muslimar i Noreg tenkte om PSTs påstand om at Noreg er eit terrormål for islamistiske Syria-fararar. Ghozlan sa at han og mange muslimar med han trudde at PST kom med åtvaringa av di folket i Gaza og Hamas hadde fått so mykje sympati i Noreg under den noverande invasjonen av Gaza. På Facebook-sida si la han ut ein artikkel om at FBI hadde nytta betalte provokatørar for å finna muslimske terroristar. «Tanken om at en Mossad-agent gjør noe liknende er da ikke så fjern?!» I Dagsnytt 18 fekk han ingen kritiske motspørsmål.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement