Hatretorikk og humanitet

Dette er ei bekymringsmelding. Viktige prinsipp i rettsstaten er truga. I dette tilfellet er det mest alvorlege kven trugsmålet kjem frå. Avsendaren er regjeringa Solberg.

Publisert Sist oppdatert

I møtet med inhumane, kriminelle handlingar har ein i den norske tradisjonen lagt vekt på at staten ikkje skal konkurrera med lovbrytaren i inhumanitet. Det er ikkje slik at når eit menneske har gjort skrekkelege handlingar, så skal vedkommande behandlast med tilsvarande brutalitet. Alvorlege brotsverk skal møtast med eit nøkternt og rasjonelt rettsvesen, som tildeler den straffa lova seier.

Hatretorikk

Det er ikkje slik at forbrytaren ved mindre lovbrot har rett på forsvar, medan denne retten fell bort dersom lovbrotet er særleg grovt. Tvert om, det er når kjenslene blir særleg sterke, at den nøkterne bruken av lov og rett blir særleg viktig. I oppgjeret med landssvik og tortur etter krigen var dette viktig. Nasjonen kan vera stolt i den grad han fylgde rettsleg orden, og har tilsvarande grunn til å skjemmast dersom ein overlèt hemnen til gatejustisen.

Dei nye signala frå Solberg-regjeringa er at det er i orden at den politiske leiinga for rettsvesenet brukar hatretorikk. Det blir argumentert sterkt for at lovbrytarar skal omtalast som monster. Dette er eit dramatisk brot med den humane rettsforståinga vi har hatt, og som vi deler med andre velregulerte samfunn.

Men det blir verre. Konfrontert med denne alvorlege problematikken blir det brukt ein sjølvimmuniserande argumentasjon som tener til å svekka rettsstaten endå meir. Svaret på kritikken av hatretorikken – at pedofile er monster – kom i to punkt: Det første punktet var at regjeringa vil halda fast på retorikken sin, uansett kva slags argument som kjem imot. Ein melder seg altså ut av argumentasjonen med eit slags «klippe, klippe, sa kjerringa». Møtt med alvorlege innvendingar frå spesialistar i juss og menneskerettar svarer ein rett og slett at dette vil ein ikkje høyra på. Ein vil seia «monster, monster».

Det andre argumentet er meir aggressivt. Det lyder slik: Den som i det heile tek opp spørsmålet om dei fundamentale rettane til lovbrytaren, gjer lovbrytaren til offer og gløymer offeret for brotsverket. Altså: Dersom ein ser til at lovbrytaren blir dømd på rett måte og får juridisk bistand, har ein svikta offeret. Å gje den pedofile overgriparen rett behandling, er å støtta pedofile handlingar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement