«Grøne sertifikat»: eit dyrt bedrag
Jens Stoltenberg visste kva han gjorde då han i si tid sa nei til grøne sertifikat. No er det for seint å snu. Forbrukarane betaler, industrien går fri, og miljøet vert ikkje betre.
Noreg er på mange måtar eit nokså miljøvenleg land. Kvart år sender vi gass svarande til ni gonger samla norsk vasskraftproduksjon til Europa. Gass er den mest miljøvenlege fossile brenslekjelda. Gjennom gassen gjev vi eit enormt tilskot til lægre utslepp av CO2 i Europa. Alternativet til gass er nemleg kol, som slepper ut dobbelt så mykje CO2.
I tillegg er Noreg verdsmeister i produksjon av fornyeleg energi. 60 prosent av det vi forbrukar, kjem frå kjelder som ikkje slepper ut CO2, seier regjeringa. Jamvel om vi ikkje byggjer ut nokon fornyeleg straum i framtida, viser utrekningane, vil vi kvart år framover vera nettoeksportør av vasskraft. Noreg har altså ikkje trong til ny kraft. Kommunane og staten kunne ha lent seg attende og gjeve billeg kraft til forbrukarane og samstundes teke ut store utbyte frå dei offentlege kraftverka, utbyte som kunne nyttast til å byggja landet.
Dit skal vi ikkje
Men det skal vi ikkje, vi skal gjera noko heilt anna. Noreg som produserer fire gonger så mykje rein energi som den gjennomsnittlege EU-staten, har gått inn ein avtale med EU om at vi skal gå frå 60 til 67,5 prosent i bruk av fornyeleg energi, i hovudsak vass–?og vindkraft. Men det er ikkje EU som skal betala for denne utbyggjinga, det er heller ikkje den norske kraftkrevjande industrien, som er unnateken stort sett alle avgiftsordningar og i tillegg vert kompensert for kostnadene ved EUs kvotesystem. Det er vanlege norske forbrukarar som skal betala.
Ordninga som skal få til all denne nye energien, heiter grøne sertifikat eller el-sertifikatordninga. Noreg og Sverige er ein felles kraftmarknad, og det var Sverige som i 2003 førde inn ordninga. Ho går ut på at forbrukarane får eit påslag på kraftrekninga. Via ein litt komplisert marknadsmekanisme går dette påslaget til produsentar av ny fornyeleg straum. Ordninga er laga slik at di lægre prisen er på straum, di større vert påslaget forbrukarane må betala per kWh. Og dette påslaget får produsentane i femten år. På det viset veit investorar som vil byggja ut ny fornyeleg straum at dei langt på veg er garanterte å få att kostnaden ved å byggja ut. Grøne sertifikat er altså ein rein subsidie av ny kraft.
Jens var mot
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.