Gje meg ikkje handa di, ven

At Stortinget kom fram til eit såkalla «breitt forlik» om flyktningsituasjonen, er ikkje den gladsaka ho vart seld inn som.

Publisert Sist oppdatert

Breie forlik er eit sjukdomsteikn.

For eit par år sidan irriterte eg meg over at det ikkje fanst noka høgreside i norsk politikk. Statsbudsjettet var på 1065 milliardar kroner, likevel tok ingen parti til ords for å kutta i utgiftene. Alt som fanst, var ei lita usemje om kven som skulle få større og mindre stykke av den digre kaka. Og slik vart det: Staten har aldri vore større enn under den såkalla blåblå regjeringa, og oljepengebruken har aldri vore meir hemningslaus. For fyrste gong sidan fondet vart skipa, vert det no teke meir pengar ut or fondet enn det kjem inn.

Statleg sektor utgjer no 59 prosent av fastlands-BNP. Det er verdsrekord i statleg storleik, og dette går føre seg under ei borgarleg regjering.

Sjukelønsordninga

Ikkje eingong sjukelønsordninga vil noko parti ta i, endå det har vorte ei ordning som jamvel dei mest ljoseblå på høgresida meiner det er heilt naudsynt å kutta i. Kvifor er det rettvist at dei uføre, som har mist all arbeidsevne permanent, skal få redusert yting, medan dei som er kortvarig sjuke skal ha full løn? Kvifor skal dei som misser jobben, tola å få mindre stønad enn dei sjuke? Ein skulle tru at eit framlegg om å harmonisera desse ytingane, hadde vore ei naturleg sak for høgresida.

Men nei, det er for upopulært. Ingen vil seia noko om å kutta. Veljarane vert kanskje sure og røystar på eit anna parti då. Skal tru om den nye flyseteavgifta løyser alle problem med den finansielle berekrafta til staten?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement