Frityrolje

Ein god ting skal nytast nett så sjeldan som du gidd å lage det sjølv.

Publisert Sist oppdatert

Skal ein vere heilt ærleg med seg sjølv, så skjer det med ganske jamne mellomrom. Ofte litt for seint på natta, sjølvsagt, men langt frå berre då. Somme tider til og med før frukost: saltsuget. Feittsuget. Suget – etter pommes frites.

Poteter friterte i olje. Massevis av metta feittsyrer. Salt. Kreftframkallande akrylamid. Finst det noko meir usunt, ja beint fram skadeleg?

Klart det gjer. Skal ein tru statens matvaretabell, er det nærast like mykje feitt i rømmegraut som i pommes frites frå gatekjøken – og meir enn dobbelt så mykje salt. Morrpølse har over ein tredjedel meir kaloriar og brie dobbelt så mykje feitt – og fire gonger så mykje av det er metta.

Skilnaden er sjølvsagt at det er få som sel deg rømmegraut, morrpølse og brie til ein altfor billeg penge når du er på ditt aller mest forsvarslause – anten det no er av svolt, alkohol eller mangel på søvn.

Her ligg nemleg svaret på mang ein uønskt vektauke: Du kan ete pommes frites, steikt kylling, smultringar og falafel så ofte du vil – berre du lagar det sjølv, frå grunnen av.

Heimefrityrreglar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement