Frå vondt til verre

Publisert Sist oppdatert

Al-Qaida og ekstreme islamistgrupper styrkjer seg no i krigen i Syria. Berre les den interessante artikkelen til Midtausten-korrespondenten Sahra Birke – «How al-Qaeda Changed the Syrian War» – i The New York Review of Books frå 27. desember, som ligg gratis tilgjengeleg på nettet. «Snakk med kva syrar som helst du møter på den syrisk-tyrkiske grensa, og i laupet av fem minutt vil samtalen truleg handla om Da’ash – det arabiske namnet for opprørsorganisasjonen For eit islamistisk Irak og eit Stor-Syria – ISIS. Sidan i fjor vår har ISIS endra krigen i Syria og tvinga den opphavlege syriske opposisjonen til å kjempa på to frontar», skriv Birke.

ISIS har raskt vorte ei av dei mest kraftfulle motstandsgruppene i Syria, trass i at dei berre skal vera på rundt sju tusen jihadistar. Styrken deira ligg i redsla dei maktar å skapa ved å ta i bruk endå meir groteske metodar enn det vi har sett til no i denne krigen.

Veksten til ISIS syner kor farleg og uoversynleg denne konflikten er – og kor mange ulike interesser som er involverte. Kven som støttar kven, er vanskeleg å skjøna. Nokre påstår òg at regimet til Assad i Damaskus, eller deira allierte Iran, støttar ISIS for å splitta og svekkja opprørsrørsla.

På same tid lèt Tyrkia, som er ein erklært fiende av det syriske regimet, dei utanlandske jihadistane gå fritt over grensa til Syria for å slutta seg til ISIS. Flyet frå Istanbul til den tyrkiske grensebyen Reyhanli har fått tilnamnet «jihad-ekspressen».

Dei fleste utanlandske jihadistane kjem frå Midtausten, men over tusen skal vera frå Europa – av desse mellom tretti og førti nordmenn. Frå norsk side manglar vi kraftfulle reaksjonar mot dei som dreg ut som jihadistar – og dei som hjelper dei som dreg ut. Bør dei ikkje straffast når dei kjem heim?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement