Frå røysterett til søksmålsrett
Den årlege produksjonen av lover og forskrifter er mangedobla og flytta ut av Stortinget. Korleis endrar det demokratiet?
Av Jørn Øyrehagen Sunde, 08.04.13
Kan det tenkjast at retten til å gå til søksmål er i ferd med å ta over for røysteretten som den viktigaste demokratiske retten for borgarane, og at vi dermed held på å endra sjølve grunnlaget for demokratiet vårt? Det kan høyrast ut som eit juridisk komplott, men det er faktisk ein konsekvens av forventningane våre til det gode liv og det gode samfunn. Og sjølv om spørsmålet er retorisk stilt, reflekterer det likevel ein realitet som kan talfestast.
Tidobling av juristar
Retten til å ta ut søksmål for domstolane vert stadig meir nytta. For femti år sidan vart det ført om lag sju tusen sivile saker for tingrettane i Noreg, medan talet no er femten tusen. Ei sivil sak er ei sak mellom private partar og kan gjelda alt frå grensetvistar til gjeld, frå arv til utbetaling av forsikring. I dag handsamar tingrettane òg seksti tusen straffesaker.
Når talet på saker går opp, må ein ha fleire juristar. For femti år sidan uteksaminerte det einaste juridiske fakultetet i Noreg akkurat nitti juristar. I dag har ein tre juridiske fakultet og minst åtte andre institusjonar som tilbyd ulike former for jusundervisning, og til saman vert det kvart år uteksaminert om lag ni hundre juristar. Det er for lite til å møta samfunnsbehovet i åra som kjem. Talet på jusprofessorar har i same perioden gått frå ni til over nitti. Ein stor del av auken i talet på studentar og professorar har gått føre seg sidan byrjinga av 1990-åra.
Noko av denne auken kan forklarast med ein auke i folketalet på om lag 35 prosent, men langt frå alt. Så dermed kunne ein verta freista til å slutta at samfunnsutviklinga har gått av hengslene, og at juristar og domstolar har fått altfor mykje makt. Men denne auken har sine årsaker utanfor juriststanden og domstolane. Og den viktigaste ligg i folket. Men då ikkje i auke i folketalet, men i endå større grad i auken av forventningane våre til livet og samfunnet. Forventningar som har resultert i stadig meir rettsleg materiale – lover, forskrifter og høgsterettsdommar – som skal sikra oss alle eit best mogeleg liv og samfunn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.