Forsvar for det halvgode

Angsten styrer skuleverket. Vi må vera mellom dei beste, ikkje berre i eige land, men i verda. Er det underleg at stadig fleire droppar ut av vidaregåande?

Publisert Sist oppdatert

Blar ein i gamle (nett)aviser, er fråfallet frå vidaregåande skule eit tema som går att. Sist veke kom det fram at berre 63 prosent gjennomfører vidaregåande på normert tid. Ser ein tilbake, har dette vore eit tema for politiske otte og merksemd på heile 2000-talet. Og politikarane har gått sterkt ut: no skal dei gripa inn, no skal dei satsa på tidleg intervensjon. Den eine ministeren har teke sterkare i enn den andre, og ein finn oppslag om dette i 2012, 2010, 2008, bakover til tusenårsskiftet.

Skulepolitikken er prega av to motsette logikkar. Den eine er sosialdemokratisk, og handlar om at alle skal med. Retten til skulegang vart lovfest alt på 1700-talet, men først på 1990-talet var denne retten utvida til vidaregåande. Utdanning var ikkje lenger berre for eliten. No har alle juridisk rett til å få vidaregåande utdanning. Dette er utjamningslogikken.

Elitelogikken

Men etter den tid, og særleg på 2000-talet, har vi fått ein skjerpa elite–?og konkurranse-logikk. Utbygginga av PISA-testar og nasjonale prøvar har sådd angst og uro i skuleverket. Skular, fylke, regionar og land blir spela ut mot kvarandre. Det er ikkje lenger nok å få vidaregåande utdanning. Elitelogikken melder seg ved at det gjeld å ha eksamen frå den rette skulen, den med høgast opptakskrav. Det klasseskiljet som retten til utdanning skulle oppheva, har kome kraftig tilbake.

Parallelt med test-regimet har læringstrykket auka, som det heiter. Angsten styrer skuleverket. Vi må vera mellom dei beste, ikkje berre i eige land, men i verda. Skrekken er å bli like dårlege i matematikk som land i den tredje verda som få har høyrt om.

Diskusjonen om kvifor så få gjennomfører vidaregåande utdanning på normert tid, blir i liten grad knytt til læringstrykk og konkurranse. I staden grip ein til psyko-sosiale forklaringar. For to år sidan vart det lagt fram forskingsresultat som tydde på at dei som fell ut av skulen, ofte har problem med psykisk helse, eller dei har problem heime. Folk med innvandrarbakgrunn er overrepresentert, sjølv om jenter frå desse miljøa ofte leverer gode resultat. I det heile ser kjønnsfaktoren ut til å vera viktig. Dei mest krevjande studia, som medisin, har snart berre ein tredjedel mannlege studentar. I motsett ende er fråfallet størst blant gutar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement