Folkemusikk mellom salme og pop

Plata inneheld ikkje ein einaste salme, men musikken er tidlaus og viktig.

Publisert Sist oppdatert

FOLKEMUSIKK

Gjermund Larsen trio:

Salmeklang

Heilo

Felespelaren Gjermund Larsen har ikkje berre markert seg som ein av dei mest velklingande folkemusikkutøvarane våre – han har òg sysla med barokkinspirert musikk og den meir stillfarande delen av samtidsmusikken.

Også dei andre medlemene av trioen dyrkar den direkte tiltalande velklangen: Pianist/trøorganist Andreas Utnem og bassist Sondre Meisfjord er kjende for sitt lekre og tiltalande spel, mellom anna i samspel med Trygve Seim og Kari Bremnes. Plata er dessutan teken opp av Jan Erik Kongshaug i kremlydens høgborg, Rainbow studio i Oslo. Frå tingingsverk Tre av spora på plata er henta frå Larsens tingingsverk til Oslo kirkemusikkfestival i 2014. Men plateittelen er likevel noko misvisande: Det er ikkje ein einaste salme på plata, men komposisjonar som minner om instrumental akustisk visepop, og det er først og fremst spelestilen på fela – krydra med trillar og føreslag – som gjer at det minner om folkemusikk. Det plata måtte ha sams med salmar, er først og fremst at dette er musikk som rører oss fordi han verkar tidlaus og viktig, meir enn nyskapande og oppsiktsvekkjande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement