JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ubestemt

Fjerning i det blå

Det er gjeve konsesjon til vindkraftverk som kan dekkje over 1500 kvadratkilometer av Noreg. Dei fleste vert truleg ståande i fleire tiår.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eit vindkraftanlegg er ikkje berre sjølve turbinane og betongfundamenta dei står på, men kilometervis med internvegar og store fyllingar, som her frå Egersund vindkraftverk.

Foto: Eva Aalberg Undheim

13496
20200416

Brytingstid for vindkrafta. Del 3

Utbygginga av vindkraft har hatt sterk politisk medvind i Noreg, og det er så langt gjeve konsesjon til over 80 vindkraftprosjekt på land. Samstundes aukar motstanden frå både lokalmiljø, naturvernarar og statlege og regionale kontrollorgan. 

Dag og Tid ser i ein serie artiklar nærare på den norske vindkraftsatsinga og brytingstida ho er i no. 

Artikkelserien har fått støtte frå Fritt Ord.

Oppryddingskrav

Energilovforskrifta set krav om at den som eig konsesjonen, skal fjerne nedlagde anlegg og «så langt det er mulig føre landskapet tilbake til naturlig tilstand».

Dei fleste vindkraftkonsesjonar set òg krav om at det innan utgangen av tolvte driftsår skal leverast «et konkret forslag til garantistillelse som sikrer kostnadsdekning for fjerning av vindturbinene og tilbakeføring av området ved utløp av driftsperioden» til NVE.

Så langt har ingen vindkraftverk i Noreg vorte lagde ned.

Vindkraft

eva@dagogtid.no

Dei siste to tiåra er det gjeve konsesjon til over 80 vindkraftverk på land i Noreg, i tillegg til testanlegg. Og fleire skal det verte. «Vindkraft er i ferd med å bli en viktig del av den norske energiforsyningen. Framover vil det være den kilden til fornybar energi som er rimeligst å bygge ut», heitte frå Olje- og energidepartementet då statsråd Tina Bru (H) nyleg varsla at det kjem ei stortingsmelding om vindkraft før sommaren.

Rundt 40 av vindkraftverka som har fått konsesjon, er alt i drift. Åtte av dei har vore i drift sidan slutten av 1990-åra og fyrste halvdel av 2000-åra og nærmar seg slutten av konsesjonsperioden, som vanlegvis er 25 år. Men ingen av dei har konkrete planar om avvikling og opprydding med det fyrste.

Vindkraftverka på Hundham­merfjellet i Trøndelag, Havøygavlen i Finnmark, Mehuken i Vestland og Smøla i Møre og Romsdal har alt fått konsesjon til reetablering eller utviding, og på Utsira i Rogaland er det søkt om det same. Vindkraftverket på Sandøy i Møre og Romsdal planlegg òg å søkje om reetablering, medan eigaren av vindkraftverka på Hitra i Trøndelag og Nygårdsfjellet i Nordland enno ikkje har bestemt seg for om det skal søkjast ny konsesjon eller ikkje.

Så langt har heller ingen vindkraftverk i Noreg vorte avvikla. Dermed er det uvisst korleis ein oppryddingsprosess kjem til å gå føre seg og sjå ut. Det stadfestar Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i ein rapport frå tidlegare i år: «det finnes i dag ingen formelle retningslinjer/veiledning for nedlegging eller reetablering av vindkraftverk. Det er til dels uklart hvordan området skal tilbakeføres etter konsesjonens utløp, hvilke garantier som skal stilles», skriv direktoratet.

Denne situasjonen uroar så vel natur­­vern­organisasjonar og kommunar som stortingspolitikarar.

Brotne konsesjonskrav

I energilovforskrifta står det at den som eig konsesjonen, skal «fjerne det nedlagte anlegg og så langt det er mulig føre landskapet tilbake til naturlig tilstand» når konsesjonen er ute.

Eit av spørsmåla er kva som skjer dersom eigaren av vindkraftverket ikkje har råd til å dekkje oppryddingskostnadene eller skulle gå konkurs før konsesjonsperioden er ute.

Det har òg vorte stadfesta at enkelte vindkraftutbyggjarar har brote gjevne konsesjonskrav om å stille økonomisk garanti for fjerning av vindturbinar og tilbakeføring av området innan utgangen av det tolvte driftsåret. Då NRK skreiv om saka i november i fjor, vedgjekk NVEs seksjonssjef Arne Olsen at direktoratet ikkje hadde hatt kapasitet og ressursar til å følgje opp desse konsesjonskrava.

Eit fleirtal av SV, Ap, Sp og MDG i energi- og miljøkomiteen på Stortinget har i ettertid bede regjeringa skjerpe krava overfor vindkraftutbyggjarar, for å sikre at kostnadene ved framtidig opprydding av vindkraftverk vert dekte. Det same har organisasjonane Naturvernforbundet, Sabima, Norsk Friluftsliv, Den Norske Turistforening, Norges Jeger- og Fiskerforbund og Norsk Ornitologisk Forening gjort.

– Vi ser føre oss at det kan oppstå situasjonar der vindparkeigaren ikkje har pengar til å rydde opp, og at staten må ta rekninga eller det ikkje vert rydda opp i det heile, seier fagrådgjevar Hanna Nyborg Støstad i Naturvernforbundet.

Sandnes kommune fryktar at grunneigarane kan verte sitjande att med ansvaret for oppryddinga. Det skriv planavdelinga i kommunen til NVE i ein klage knytt til konsesjonsvilkåra for Vardafjellet vindkraftverk, som Dag og Tid skreiv om før påske.

Halvard Lægreid, som er spesialrådgjevar for miljø- og ressursforvalting i kommunesektorens organisasjon KS, seier fleire kommunar no uttrykkjer manglande tillit til forvaltninga av vindkraftanlegga.

– I ein vanleg planprosess ville kommunane sjølv vore planstyresmakt, men normale krav til å greie ut om konsekvensar og til medverknad i arealsaker gjeld ikkje for vindkraftanlegg. No må kommunane i staden lese i media at vindkraftselskap ikkje følgjer opp pålegg om å planleggje for opprydding. Dei les om kompliserte selskapsstrukturar i enkelte kraftselskap og om at NVE ikkje har kapasitet til å følgje opp krava. Det seier seg sjølv at dette er med på å styrkje opplevingar av mistillit til dagens vindkraftforvalting blant kommunane, seier han.

Er i dialog

Nokre av dei eldste vindkraftverka i Noreg fekk konsesjon utan at det vart stilt krav om økonomisk garanti for opprydding. Det gjeld for anlegga for Hitra I og Bessakerfjellet i Trøndelag og for Harøy vindkraftverk på Sandøy i Møre og Romsdal.

Rune Flatby, direktør for konsesjonsavdelinga i NVE, seier direktoratet med heimel i energilova vil vurdere å stille krav om garanti overfor desse òg – og at det vert stilt krav om garanti om desse konsesjonane vert forlengde.

Dei fleste vindkrafteigarar har derimot krav om at dei innan utgangen av tolvte driftsår må kome med «et konkret forslag til garantistillelse som sikrer kostnadsdekning for fjerning av vindturbinene og tilbakeføring av området ved utløp av driftsperioden». Det er dette kravet enkelte vindkraftverk ikkje har oppfylt innan fristen.

I dag skal 12 vindkraftverk ha levert eit forslag til garanti til NVE. Flatby skriv i e-post til Dag og Tid at «dialog er etablert med de aktuelle selskapene», men at det på grunn av dei rådande omstenda ikkje var mogleg for NVE i løpet av den siste halvtanna veka før påske å sjekke kor mange av dei som faktisk har oppfylt kravet.

Har sett av pengar

Dag og Tid har sjølv sjekka med to av vindkrafteigarane som skulle ha levert garanti, og som så langt ikkje har søkt om ny konsesjon.

Statkraft skulle ha sendt forslag til garanti for Kjøllefjord vindkraftverk i Finnmark innan utgangen av 2018, men har fyrst i ettertid sendt og fått godkjent plan av NVE. Pressekontakt Geir Fuglseth i Statkraft seier det har vore dialog med NVE om kva ein slik plan skal innehalde.

– Vi har sett av pengar i rekneskapen til opprydding frå dag éin, men det er framleis mogleg at vi søkjer om å forlengje konsesjonen eller byggje nytt anlegg, seier han.

Det finske energiselskapet Fortum seier dei i 2017 sende NVE plan for opprydding av dei tre fyrste vindturbinane i Nygårdsfjellet vindkraftverk i Nordland.  

– Planen inneber at dei tre turbinane skal takast ned, og at fundamenta deira skal dekkjast til av masse, slik at det kjem til å gli inn i terrenget. Etter at heile vindparken er ute av konsesjon, kjem den samla infrastrukturen med anleggsvegar og meir til å bli handtert. Dette kjem vi til å avklare innan utgangen av 2023, ettersom vi då er i 12. driftsår for trinn to av vindkraftverket, seier Stian Mathisen, som er Fortums kommunikasjonssjef i Noreg.

Fortum har derimot ikkje vorte samd med NVE om kva tiltak som skal gjennomførast i samband med trinn to av anlegget enno. Difor er det ifølgje Mathisen for tidleg å kunne seie kva oppryddinga etter dei tre fyrste turbinane kjem til å koste.

Han understrekar at Fortum fullt ut vil oppfylle forpliktingane som er nedfelte i konsesjonane for Nygårdsfjellet, når vindparken skal avviklast.

– Grunnlaus uro

Også TrønderEnergi, som eig Bessakerfjellet vindkraftverk, og Sandøy Vindkraft AS, som eig Harøy vindkraftverk på Sandøy, stadfestar at dei skal rydde opp etter seg.

– Vi er opptekne av å ta samfunnsansvar, og det gjeld òg når driftsperioden er over og vindturbinane skal takast ned, seier Stig Tore Laugen, som er konserndirektør for kommunikasjon og samfunnsansvar i TrønderEnergi.

For Harøy vindkraftverk er det som nemnt planlagt å søkje ny konsesjon.

– Men må vi avvikle anlegget, skal det fjernast heilt og fullt, inkludert å fjerne vegar og å dekkje til skjeringar. Vi har ein kjøpar av vindturbinane som kjøper mot vilkår om å rydde opp, og om ikkje det salet går i orden, kjem leverandøren av nye turbinar til å ta ned anlegget. Dei gamle turbinane, som no har stått i 21 år, går då til gjenvinning eller renovering, seier Johannes Huse som er administrerande direktør i Sandøy Vindkraft AS.

Andreas Thon Aasheim er spesialrådgjevar i bransje- og interesseorganisasjonen Norwea, som arbeider for å fremje norsk fornybar energiproduksjon. Han meiner uroa for at vindkrafteigarane ikkje skal rydde opp etter seg, er «heilt grunnlaus».

– At dei skal rydde opp, er regulert både i energilov og i konsesjonane, seier han.

– Kva tenkjer de om at det finst vindkrafteigarar som har brote tidsfristen dei fekk for å stille økonomisk garanti for oppryddinga?

– Slik skal det sjølvsagt ikkje vere, og vi ventar at det vert rydda opp i det. Samstundes er det verdt å peike på at det ikkje har hatt noko praktisk å seie så langt. Men det ser ikkje bra ut, seier Aasheim.

Han ser heller ikkje grunn til å frykte konkursar.

– Går eit vindkraftverk til dømes konkurs i løpet av det tolvte driftsåret, kan turbinane likevel produsere straum for 4–5 millionar kroner kvar per år i 13 år til. Nedleggingskostnadene er så langt estimerte til rundt éin million kroner per turbin. Det er dermed vanskeleg å sjå føre seg at ingen vil kjøpe turbinane frå konkursbuet og produsere vidare. Turbinane i seg sjølv har òg stor verdi som skrapmetall, og det meste av dei vert resirkulert. Litt avhengig av prisen på stål, kan dei dekkje kostnaden ved nedlegging, seier Aasheim.

NVE har eit delvis liknande svar når vi spør kven som skal ta kostnadene for å rydde opp dersom eit vindkraftverk går konkurs eller ikkje har råd til å rydde opp sjølv, og om kommunane og grunneigarane eventuelt har noka form for ansvar:

– Det er ei problemstilling som må vurderast dersom det vert aktuelt, men ved konkurs kan bustyret finne ein ny drivar, som – gjeve at han får konsesjon – kan drive vidare på vilkåra i konsesjonen, svarar Flatby i NVE.

– Mykje er irreversibelt

Eit anna spørsmål er kva som ligg i kravet i energilovforskriftas om «så langt det er mulig (å) føre landskapet tilbake til naturlig tilstand».

Eit vindkraftanlegg er ikkje berre turbinane og betongfundamenta dei står på, men kilometervis med internvegar, store fyllingar og i nokre tilfelle òg skjeringar i terrenget.

KS har synt til at det per i dag er gjeve konsesjon til vindkraftverk som samla kan dekkje opp mot 1760 kvadratkilometer i areal. Det vil seie meir enn det samla arealet av alle byar og tettstader og all industri i Noreg, ifølgje KS. Desse områda er omdisponerte frå landbruks- og friluftsområde til bygg- og anleggsområde «uten at konsekvensene av at arealformålet endres blir utredet», skriv KS i sitt innspel til OED om konsesjonsbehandlinga for vindkraft.

– Det som uroar oss mest, er at det knyter seg store spørsmål til om desse områda kan tilbakeførast til naturleg tilstand i det heile. Naturmangfald og landskap vert ofte dramatisk endra, og mykje er irreversibelt, seier Lægreid i KS.

Støstad i Naturvernforbundet meiner òg det er urealistisk å tru at eit vindkraftområde kan tilbakeførast til naturleg tilstand når turbinane skal takast ned.

Aasheim i Norwea vedgår at det ikkje alltid vil gå å få gjort noko med skjeringar, men seier konsesjonane er tydelege på at alt anna – turbinar, plattingar, vegar og fyllingar – så langt det er mogleg, skal fjernast.

Både Fortum og Statkraft ser føre seg at kor mykje som skal fjernast, kjem til å bli avgjort i dialog med grunneigarar, kommune, lokalbefolkninga og NVE.

– Det kan hende at noko av infrastrukturen etter eit vindkraftverk har verdi for grunneigar, kommune eller andre rettshavarar i området, men vi skal i utgangspunktet fjerne anlegget og tilbakeføre området så langt det er mogleg, seier Fuglseth i Statkraft.

Langt fram i tid

Kva regjeringa og Olje- og energidepartementet legg i kravet om «så langt det er mulig (å) føre landskapet tilbake til naturlig tilstand», har det ikkje lukkast Dag og Tid å få svar på.

Ifølgje NVE finst det heller ikkje noko klart svar.

– Vi må leggje til grunn at tilbakeføringa vert det samfunnet finn teknisk og økonomisk akseptabelt når nedlegging vert aktuelt, seier Flatby.

Kva det vil vere, står att å sjå. Og det kan verte lenge til. Ifølgje både Flatby i NVE og Aasheim i Norwea er det god grunn til å tru at dei fleste av dei eksisterande vindkraftverka kjem til å verte reetablerte når den noverande konsesjonsperioden er ute.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi må leggje til grunn at tilbakeføringa vert det samfunnet finn teknisk og økonomisk akseptabelt når nedlegging vert aktuelt.

Rune Flatby, direktør for konsesjonsavdelinga i NVE

– Naturmangfald og landskap vert ofte dramatisk endra, og mykje er irreversibelt.

Halvard Lægreid, spesialrådgjevar i KS

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis