Fjellet som føder ei mus til
Ei gruppe humanistar vurderer humaniora utan å trø utanfor den norske samsemja. Resultatet gjev seg sjølv.
På oppdrag frå Stiftelsen Fritt Ord har Helge Jordheim og Tore Rem sett saman ei arbeidsgruppe som har hatt til mandat å gjennomgå og vurdera humanioras sentrale omgrep og argument, å identifisera område der noko særskilt står på spel for norsk humaniora, og gjera framlegg om konkrete initiativ på ulike humanistiske felt. Så utgreiinga er ikkje offisiell, men berre ein slags ytrande storkronikk.
Ideologiproduksjon
Ein skal ikkje ha lese mykje før ein finn påfallande mistak: Arbeidsgruppa bak boka demonstrerer sjølv ureflektert eit av ankepunkta mot faget deira: I vanleg vitskap formulerer ein hypotesar som kan falsifiserast. Men desse humanistane kunne aldri ha kome fram til at humaniora er lite viktig og burde nedskalerast. Dei er opptekne med ideologiproduksjon, ikkje vitskap. Dei har slike ynske som bønder har ifylgje den tidlegare landbruksminister Øyangen: «Alt som før, berre meir pengar.»
Ja, om Fritt Ord hadde engasjert nokre bønder til å laga ein rapport med tittelen «Kva skal vi med bondenæringa?», ville resultatet vorte nokså likt. Ein kunne òg samanlikna med Den norske kyrkja: Ein gong såg ho på seg sjølv som overordna staten, men staten har rive seg laus. Tilsvarande såg humanistar på seg sjølve som ein danna overklasse. Men i dag har marknadskrefter og oljegeologi teke over.
Utan kritiske innspel
Den andre feilen, som heng saman med den fyrste, er samansetjinga av arbeidsgruppa: Dei fleste er humanistar frå HF-fakultetet i Oslo og må ha møtt kvarandre tallause gonger innanfor ein evig hermeneutisk ring av fakultetspolitiske kommisjonar og komitear. Det har nok gjort samarbeidet lett, men har òg tydeleg fjerna kritiske innspel. Arbeidsgruppa burde hatt med folk med annan bakgrunn, folk frå andre fagmiljø i Noreg: humanistar frå Tromsø og sosiologar frå Bergen, naturvitarar frå Trondheim og til og med politikarar (gjerne frå Frp).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.