England–Island

Publisert Sist oppdatert

«Welcome to the free world!», brukte BBC-programleiar Jeremy Clarkson helsa gjester frå USA til programmet Top Gear med. Men det var visst ikkje heilt sant likevel – britane var knuga under eit EU-åk.

Er dei frie no då, etter folkerøystinga 23. juni 2016? Er fridom for eit forvitra imperium berre eit anna ord for ingenting att å missa?

Island miste mykje under krakket 2008–11. Men livet og næringslivet heldt fram, viste det seg. Det folket hadde mist, var tilliten til sin eigen, vesle elite. Islendingane vurderte difor å finna seg ein ny – og leverte søknad om medlemskap i EU 23. juli 2009. I 2014 trekte dei søknaden. EØS-avtalen greier seg visst for islendingane, slik han gjer for oss nordmenn.

Stor begeistring har han rett nok ikkje skapt, EØS-avtalen, i alle fall ikkje her i bladstova. Men me lever greitt med han og har vel innsett at sjølvråderetten vår uansett innskrenkar seg til å få velja kva overstatlege avtalar me skal underleggja oss.

Me ser difor ikkje bort frå at britar som no vil ut av EU, kan ha overdrivne forventningar til utanforskapen. I staden får dei eit regime som i det meste erstattar det gamle. Polakkane er komne for å bli. Og dei britiske EØS-pensjonistane kjem ikkje til å møta verre kår i EU-landet Spania enn det norske pensjonistar møter der.

Dramaet er såleis ikkje at Storbritannia melder seg ut. Det er stor ståhei for ingenting. Men dei som no kjem berande med ved til ymse slag bål som har ulma på Dei britiske øyane (og elles i Europa) medan EU låg over det heile som eit vått ullteppe, varslar ikkje godt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement