Endå ein story

Etter mange år i reklamebransjen er det ikkje å undrast over at Ingebrigt Steen Jensen strevar med å forstå kva det er å vera ærleg.

Publisert Sist oppdatert

Sjølvbiografi

Ingebrigt Steen Jensen:

Steen i glasshus

Kagge forlag 2016 «Storytelling er viktigst av alt», står det på nettsida til kommunikasjons–?og reklamebyrået Dinamo. I sjølvbiografien til Dinamo-gründeren Ingebrigt Steen Jensen lærer vi kva det tyder. Vi vert førde inn i ei verd der røyndom og «story» skil lag. I reklameverda er ord noko ein brukar til å konstruera sin eigen røyndom. Ein god story får folk til å tru på det som vert sagt, og då vert det sant. Dinamo under Jensens leiing vart ein totalleverandør av kunstig røyndom. Kultur og verdiar var noko kundane kunne velja frå lista byrået baud fram av veleigna ord. Og sidan folk trudde på det, vart det slik.

I boka undrar Jensen seg ein augneblink over kva som har drive han gjennom livet. Ros frå andre har vore viktig, trur han. Ut frå det han sjølv skriv, ser det ut til at det har vore noko meir. Han skildrar ein mann som rusa seg på den makta som orda gav han. Han fekk folk til å tru på kva det skulle vera. Og for dette føremålet var alt tillate. Reklamen gjekk føre i oppløysing av språklege og sosiale konvensjonar. Var det berre sjokkerande nok, la folk merke til det og trudde på det. Journalistikk var ikkje noko for Jensen, vedgår han sjølv. Det var ikkje store nok storyar å skriva om. Han enda med å fabrikkera ein, og så var det slutt på den karrieren. I reklamen fann han ei verd der alt er fabrikkert. Det vart hans verd. Det vert ikkje Knausgård­

Boka han har skrive, handlar om tilhøvet mellom røyndom og forteljing, med eller utan medvitet til forfattaren. Det litterære førebiletet hans er Knausgård, skriv Jensen sjølv. Men det vert ikkje Knausgård same kor mykje vi får høyra om kjønnshår og do­besøk. Knausgård er brutalt ærleg og sjølvutleverande. Etter mange år i reklamebransjen er det ikkje å undrast over at Jensen strevar med å forstå kva det er å vera ærleg, og av seg sjølv utleverer han ein redigert story. Her er det mykje som ikkje vert sagt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement