Endå ein oljestat
Om to år skal skottane røysta over sjølvstende.
Måndag denne veka skreiv den skotske fyrsteministeren Alex Salmond under ein avtale med den britiske statsministeren David Cameron. Om to år skal alle som bur i Skottland og er over seksten år, få høve til å røysta over fullt sjølvstende. Colin Pyle var fram til denne månaden ein av Alex Salmonds næraste rådgjevarar. No har han teke over som strategisjef i Ja til sjølvstende-rørsla.
–?Kvifor har London gått med på dette?
–?Vel, det har vore lange tingingar, men før førre val her i Skottland førde Det skotske nasjonalistparitet, SNP, ein valkampanje for sjølvstende. SNP vann valet. Det i sin tur fekk regjeringa i London til å innsjå at det var eit legitimt grunnlag for ei folkerøysting. SNP har alltid meint at vi i Skottland når som helst har kunna lysa ut ei folkerøysting; regjeringa i London har derimot meint at vi ikkje har hatt noko konstitusjonelt grunnlag for å gjera det. Men for å unngå ein langdryg prosess gjennom rettsapparatet har både den skotske og den britiske regjeringa i staden tinga om ein avtale. Vi vann litt ved at alle frå seksten år får røysta, London litt ved at det berre er eitt spørsmål det skal røystast over – ikkje fleire som SNP ynskte – nemleg fullt sjølvstende.
–?Vert det ja, må de byggja eit forsvar, laga eit utanriksdepartement, byggja opp eit stort nytt sentralbyråkrati. Kvifor i alle dagar vil de taka på dykk ein så stor kostnad i dårlege tider?
–?Det same kan du spørja dine eigne landsmenn om. De førde ein hundreårig kamp for å få dykk bort frå framandt styre. Kvart eit folk som har ei nasjonalkjensle, som har ein fellesskap, har etter mitt syn rett til å avgjera sin eigen lagnad. Ja, ein kan avgjera om ein vil dela all eller delar av den politiske makta med andre land og institusjonar, NATO, EU eller FN, men det er ei avgjerd som bør liggja til folket sjølv gjennom frie val. Og når det gjeld byråkrati, forsvar og UD, er det berre det å seia at alt i dag betaler skottane for dette og mykje anna over skattesetelen.
–?Men de får mykje meir i overføringar frå sør enn de sjølve bidreg med over skattesetelen?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.