Eit asylregime ute av balanse
Medan både Sverige og Noreg gav rekord-mange asyl i 2013 og atter hamna i europa-toppen, tek andre rike land knapt mot nokon. Kvifor er skilnaden så stor?
Tala er ikkje heilt klare enno, men Noreg tok truleg mot 11.000 asylsøkjarar i fjor, og mellom seks og sju tusen av desse fekk opphald. Sverige på si side gjev opphald til mellom fire og fem gonger så mange, om lag 30.000, som er ein auke med om lag 70 prosent frå året før. Og med det kjem dei to nordiske landa til å ha sagt ja til rundt ein tredjedel av alle asylsøkjarar som fekk ja av EØS-området i 2013. (I 2012 fekk litt under 90.000 asyl i EØS-området.)
Om vi bryt ned tala per innbyggjar, vert kontrasten mellom dei beste og verste slåande: I 2012 sa Sverige ja til 167 asylsøkjarar per 100.000 innbyggjar, Noreg 123, Tyskland 27 og Spania og Portugal 1 – éin – per 100.000. Det einaste landet som slo Sverige og Noreg i 2012 per innbyggjar, var Malta, men frå det landet dreg mange av dei som har fått opphald, sidan opphald i eit EØS-land etter ei tid gjev opphald i alle andre. Trass i dei høge asyltala har Malta få innvandrarar.
Utanfor EU er skilnadene endå større. USA tek imot om lag 80.000 asylsøknader i året og gjev opphald til om lag 30 prosent. Canada fekk 20.000 søknader i 2012, men operer med totale kvotar for kor mange asylsøkjarar og flyktningar dei tek imot, og hadde i 2013 ei øvre grense på 13.500. Australia på si side gjev ikkje asyl til folk som kjem til landet via båt, og har gått inn ein samarbeids-avtale med Papua Ny-Guinea som gjev opphald til dei som Australia meiner har rett til vern. New Zealand gjev kvart år opphald til mellom 750 og 1200 kvoteflyktningar og har ein så streng asylpolitikk at dei knapt får søknader. I praksis tek Australia og New Zealand berre mot flykt-ning--ar via FN-systemet.
Rettsregimet
Kvifor er skilnadene så store i asylpolitikken i den vestlege verda, som på si side er dei einaste områda i verda som i særleg grad held seg med ein asyl-politikk? (Dei rike landa i Søraust-Asia tek i praksis ikkje mot flyktningar og asylsøkjarar.) Svaret er nokså komplekst, men fyrst må vi prøva å sortera ut dei ulike omgrepa.
For det fyrste er asylretten noko anna enn flyktningretten. Asyl, altså ein varig eller langvarig rett til opphald i ein stat, er ikkje ein rett eit individ har, asyl er ein rett eit land har. Asylretten er i praksis ei mellomstatleg sak og seier at eit land ikkje kan protestera om ein av deira borgarar får vern i eit anna land. Sovjetunionen hadde altså ikkje rett til å reagera med straffetiltak mot Noreg når vi gav ein av innbyggjarane deira vern i Noreg; det kan heller ikkje Putin og Russland gjera. FNs flyktningkonvensjon, som dei fleste land i verda har skrive under på, inneheld då heller ingen paragraf om rett til asyl «og benytter heller ikke begrepet asyl i konvensjonsteksten», som det står på heimesidene til den norske regjeringa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.