Ein vanskeleg elev

Publisert Sist oppdatert

Som stortingshøyringa denne veka har mint oss om, er soga om CO2-reinsinga på Mongstad full av triste absurditetar. Men det mest absurde er diskusjonen om korleis ein skulle motivert Statoil for dette prosjektet, som om det var snakk om ein vanskeleg skuleelev. Avtalen mellom Statoil og staten gav selskapet for få «incentiv» til å drive fram reinsinga av gasskraftverket, seier kritikarane.

Men dette fortel berre at det var feil å satse på at Stat-oil skulle drive fram «månelandinga» heilt frå starten. Om selskapet verkeleg hadde lyst til å byggje eit gasskraftverk med CO2-reinsing, hadde ikkje alle desse incentiva vore naudsynte. Statoil driv med avansert, kostbar forsking og risikable investeringar heilt av seg sjølv på dei områda selskapet er interessert i, altså utvinning av olje og gass. Statoil sponsar tilmed forsking ved norske universitet med milliardsummar. Men på Mongstad måtte altså Statoil stimulerast, sikrast og polstrast med statlege pengar for å få lyst til å prøve å oppnå noko.

Og kvifor skulle Statoil-leiinga i det heile vere interessert i å bidra til å utvikle ny reinseteknologi? Selskapet har stort sett trekt seg ut av kraftproduksjon og petrokjemisk industri det siste tiåret og reindyrka profilen sin som olje–?og gassprodusent. Dagens Statoil er ikkje eit industriselskap, selskapet lever av å tappe grunnrenta. Og den tappinga har – i alle fall inntil nyleg – gjeve profitt-marginar som er vanskelege å oppnå gjennom vanleg industriverksemd.

Effektiv og rimeleg CO2-reinsing av utslepp frå kraftverk vil vere eit stort framsteg for verda. Men det er slett ikkje sikkert det ville vere bra for eit selskap som Statoil. For når CO2-reinsing blir billegare, er det først og fremst kolkraftverka som kjem til å bli reinsa. Og om rimeleg CO2-reinsing av kolkraftverk blir allment tilgjengeleg, fell brått eit viktig salsargument bort for Statoil: At norsk gass skal erstatte skiten kolkraft i Europa og hjelpe EU med å nå klimamåla sine.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement