Ein sjanse i havet

Dei fleste av oss vert små på havet. Men nokon er framleis mindre enn andre.

Publisert Sist oppdatert

Over meg er det svart. Kring meg er det svart – det er natta. Klokka er litt over fem på morgonen. Eg lenar meg over ripa på garnbåten «Poseidon». Under meg er det òg svart. Det er havet. Den halvfaste, halvt gjennomskinlege vassoverflata skjuler det elementet økonomien vår, og dermed vi, er mest avhengig av, har minst kontroll over og minst til felles med. Der, midt i den svarte endeløysa dukkar det opp eit rosa håp: bøya. Ein fiskars stadige forventning: Kva er det i det neste garnet?

Lenge, i alle fall sidan 70-talet, har vi fått høyre at fiskeriet i Noreg er overbemanna. Ressursbruken må ned for å auke lønsemda. Forvaltning og lovgjeving har peika i éi retning: store båtar, mykje fisk og lite arbeid. Kvotesystem skal fordele goda. Og ja då, bruttoprodukt per timeverk er sju og ein halv gonger høgare i 2007 enn i 1990, samtidig som tal sysselsette er redusert med ein tredjedel. Tal kan altså tyde på at satsinga har lukkast.

Men det svarte havet skjuler mange løyndomar. Nokre av dei er eigentleg godt synlege der dei ligg og duppar i kystnær havoverflate: Kystflåten vår lever framleis. I alle høve i Helnessund, Steigen kommune, Nordland.

Ung skipper

Jon Vegard Strømsnes er 31 år og skipper på sin andre båt. Han har aldri vore i tvil om at det var på havet han skulle vere: – Nokre av dei fyrste orda eg sa, var at eg skulle bli fiskar.

Etter fagbrev tok han hyre på stor båt og la seg opp litt pengar. Pengane enda i ein liten sjark, med ein god kvote. For to år sidan vart liten båt til litt større båt: «Poseidon» er med sine 44 fot av dei største båtane som har heimehamn i Helnessund. Likevel står han med kjølen godt planta i kystflåten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement