Ei vinterreise

Stadig meir gods går på veg. Det er liksom lettaste løysinga – for alle andre enn dei som skal levere.

Publisert Sist oppdatert

Motoren går, men traileren eg sit i, flyttar seg ikkje. Det er mørkt og har vore det lenge: Klokka nærmar seg ni. Ein mann med refleksvest og raudt lys i handa har stoppa oss før ei tunnelopning mellom Øvre Årdal og Årdalstangen. Sjåfør Gudmund Furnes rullar ned vindauget.

–?Er tunnelen stengd? spør han mannen i refleksvesten. Han er ikkje særleg pratesjuk, eller kanskje høyrer han ikkje så godt. Gudmund må ta opp att: – Kvifor er det stengt? Vert det lenge å vente?» – Det er visst ein elektrikar inni der, svarar mannen i vegen omsider og peikar mot tunnelen.

–?Vert det lenge å vente? tek Gudmund opp att.

–?Hæ? –?Må vi vente lenge? –?Nja ... Nei då, eit kvarter kanskje. Mannen dreg på det.

–?Eit kvarter her og eit kvarter der, sukkar Gudmund og rullar opp att vindauget.

–?Vi får ta oss ei skive.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement