Dyrevelferdsparadokset

Alle vil ha betre dyrevelferd, men kva er det? Og kvar er vi på veg?

Publisert Sist oppdatert

Vi har fått høyre at norsk landbruk har dyrevelferd i verdstoppen, at det er gode rutinar for å oppdage sjukdom og lite bruk av antibiotika. Likevel vil regjeringa avvikle pelsdyrnæringa, fordi dyrevelferden ikkje er god nok. I tillegg har Mattilsynet nyleg lagt fram ein tilsynsrapport som syner at tre av fire av slaktegrisprodusentane i Rogaland som Mattilsynet har besøkt dei siste månadene, bryt reglar for dyrevelferd.

Samstundes går det ei dyrevelferdsbølgje over landet. Dyrevernalliansen har fått to av dei tre store matvarekjedene med på å avvikle sal av egg frå høner som har stått i bur. Produksjon i såkalla miljøbur, som er ei fullt lovleg driftsform, kan verte skvisa ut av marknaden. Alliansen har og fått Rema 1000 til å byte ut den hurtigveksande ROSS 308-kyllingrasen i produksjonsselskapet Norsk Kylling, med ein kyllingrase som veks litt seinare, med argument om betre dyrevelferd. Medvitne forbrukarar kjøper i større grad mat rett frå bonden, som via nettsider og sosiale medium kan fortelje korleis dyret har hatt det frå fødsel til slakting. Matbutikkane får stadig nye vegetariske produkt, og kjøtforbruket i Noreg går ikkje opp, men har halde seg relativt stabilt i fleire år, trass i at folketalet aukar.

Kvar er vi eigentleg på veg her?

Kan vi få det som i Tyskland, der daglegvaregiganten Lidl nyleg har innført dyrevelferdsmerking av alle eigne kjøtvarer og graderer dyrevelferd i fleire kategoriar? Skal vi sjå mot USA, der dyrerettsgruppa People for the Ethical Treatment of Animals (PETA), som har kjempa mot bruk av pels i moteverda, no har varsla at skinnbransjen vert den neste dei går etter? Er vi på veg mot tilstandar som i Sverige, der bønder og familiane deira ifølgje avisa Expressen har vorte trakasserte og trua av dyrerettsaktivistar som vil leggje ned alt kommersielt dyrehald?

Vil ha betre reglar

Live Kleveland, som er jurist og kommunikasjonsleiar i Dyrevernalliansen, meiner vi ser starten på ei utvikling mot større velferd for dyr. Ho trur det kjem til å presse seg fram vel så mykje gjennom fleire krav frå daglegvarekjedene og ulike typar merkeordningar som marknadsfører dyrevelferd utover minimumskrava i regelverket, som via forskriftsendringar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement