Dyrevelferdsparadokset
Alle vil ha betre dyrevelferd, men kva er det? Og kvar er vi på veg?
Vi har fått høyre at norsk landbruk har dyrevelferd i verdstoppen, at det er gode rutinar for å oppdage sjukdom og lite bruk av antibiotika. Likevel vil regjeringa avvikle pelsdyrnæringa, fordi dyrevelferden ikkje er god nok. I tillegg har Mattilsynet nyleg lagt fram ein tilsynsrapport som syner at tre av fire av slaktegrisprodusentane i Rogaland som Mattilsynet har besøkt dei siste månadene, bryt reglar for dyrevelferd.
Samstundes går det ei dyrevelferdsbølgje over landet. Dyrevernalliansen har fått to av dei tre store matvarekjedene med på å avvikle sal av egg frå høner som har stått i bur. Produksjon i såkalla miljøbur, som er ei fullt lovleg driftsform, kan verte skvisa ut av marknaden. Alliansen har og fått Rema 1000 til å byte ut den hurtigveksande ROSS 308-kyllingrasen i produksjonsselskapet Norsk Kylling, med ein kyllingrase som veks litt seinare, med argument om betre dyrevelferd. Medvitne forbrukarar kjøper i større grad mat rett frå bonden, som via nettsider og sosiale medium kan fortelje korleis dyret har hatt det frå fødsel til slakting. Matbutikkane får stadig nye vegetariske produkt, og kjøtforbruket i Noreg går ikkje opp, men har halde seg relativt stabilt i fleire år, trass i at folketalet aukar.
Kvar er vi eigentleg på veg her?
Kan vi få det som i Tyskland, der daglegvaregiganten Lidl nyleg har innført dyrevelferdsmerking av alle eigne kjøtvarer og graderer dyrevelferd i fleire kategoriar? Skal vi sjå mot USA, der dyrerettsgruppa People for the Ethical Treatment of Animals (PETA), som har kjempa mot bruk av pels i moteverda, no har varsla at skinnbransjen vert den neste dei går etter? Er vi på veg mot tilstandar som i Sverige, der bønder og familiane deira ifølgje avisa Expressen har vorte trakasserte og trua av dyrerettsaktivistar som vil leggje ned alt kommersielt dyrehald?
Vil ha betre reglar
Live Kleveland, som er jurist og kommunikasjonsleiar i Dyrevernalliansen, meiner vi ser starten på ei utvikling mot større velferd for dyr. Ho trur det kjem til å presse seg fram vel så mykje gjennom fleire krav frå daglegvarekjedene og ulike typar merkeordningar som marknadsfører dyrevelferd utover minimumskrava i regelverket, som via forskriftsendringar.
–?Vi er på veg ut av tidsalderen då produksjonssystema vart laga med utgangspunkt i kva som er mest praktisk og økonomisk, og med mindre omsyn til åtferdsbehova til dyra. Vi har større kunnskap om evna og behova til dyra no enn for berre 20 år sidan. Det gjev oss dels eit etisk ansvar for å vidareutvikle driftssystema i landbruket, men òg høve til å produsere varer med høgare etisk kvalitet, seier ho.
–?Vektlegginga av dyrevelferd ser òg ut til å auke hjå forbrukaren. På sikt kjem produksjonen til å måtte følgje etter for å unngå omdømekrise.
Ifølgje lov om dyrevelferd skal dyr gjevast høve til stimulerande aktivitetar, rørsle, kvile og annan naturleg åtferd i miljøet dei lever i, og levemiljøet skal fremje god helse og medverke til tryggleik og trivsel for dyra. Forskriftene som er heimla i lova, set minstestandardar for kva vi ser på som akseptabel dyrevelferd. Noreg har på nokre område strengare minstestandardar enn EU-regelverket.
Avvika som vart registrerte i slaktegrisproduksjonen i Rogaland, var reine brot på desse minstestandardane. Halvparten av avvika gjaldt sjuke og skadde dyr som ikkje fekk skikkeleg behandling eller ikkje var skilde ut i eigen sjukebinge. Dessutan var det mange som mangla strø og såkalla rotemateriale for grisen.
I tillegg til at ein syter for at slike brot ikkje skjer, meiner Kleveland at dagens regelverk òg må styrkjast, både for svin og for andre produksjonsdyr.
Dyrevernalliansen vil forskriftsfeste krav om større areal for griser, at purka ikkje skal vere avla for å få større kull med grisungar enn ho har biologisk kapasitet til, og at det vert lagt opp til økonomiske støtteordningar som gjer det mogleg for fleire bønder å ha grisene sine utandørs.
Kleveland ser dyrevelferdsproblem i alle typar intensiv produksjon, fyrst og fremst for fjørfe, gris og oppdrettsfisk, men òg for storfe knytt til mjølkeproduksjon: For kyllingen og grisen er intensiv avl og lite areal hovudproblema. For storfe er det driftsforma som er største utfordringa, meiner ho: at kalven vert skild frå kua like etter fødselen fordi kua skal raskast mogleg tilbake i mjølkeproduksjon, og at hanndyr ikkje får tilfredsstilt behovet for å beite og vere ute.
Støtte og høgare pris
Spørsmålet er kor realistisk det er å gjere noko med alt dette. Å ha oksar ute kan vere farleg for både dyr og menneske. Å la kua gå med kalven vil både krevje meir plass og gje mindre mjølkeproduksjon. Å ha grisen ute kostar meir, er meir arbeidskrevjande og mindre effektivt både i fôring og arealbruk enn meir kontrollert fôring og produksjon innandørs. Kleveland meiner likevel det er realisme i krava.
–?Det å satse på dyrevelferd inneber ikkje alltid høgare kostnader. Investeringskostnader kan vere krevjande, men auka dyrevelferd har ofte positive konsekvensar for drifta som kan vere kostnadssparande. Gardar der ku og kalv går saman etter fødselen, har til dømes kalvar som er mindre sjuke, og som veks godt. Vi innser at dyrevelferda for produksjonsdyr i ein del tilfelle vil vere suboptimal, men det er ikkje dermed sagt at vi kan halde fast ved eksisterande produksjon av prinsipp. Vi kan gjere mange betringar, sjølv om det òg finst avgrensingar, seier ho.
Ho meiner endringar av regelverket for dyrevelferd må følgjast av endringar i støtteordningar for landbruket, og at kostnadsauken ved å produsere meir dyrevenleg, må reflekterast i prisen til forbrukaren.
–?Vi meiner kjøt, egg og mjølk i dag er unødvendig billig, og ikkje tilpassa ein produksjon med omsyn til dyra.
–?Sel dyrevelferd
På Grøstad gard i Vestfold har Gry Beate Knapstad drive med produksjon av gris sidan 1993. Fyrst konvensjonell drift med gris som stod inne, så kombinert inne–?og utedrift, og frå 2001 vart det lagt om til frilandsgris og konseptet Grøstadgris, som marknadsfører seg med god dyrevelferd og ein filosofi om at grisen skal ha det godt frå fødsel til slakt. Grisene lever ute året rundt, har eit areal på minimum 200 kvadratmeter per slaktegris, tilgang på isolerte hytter med halm, og får økologisk kraftfôr og grovfôr.
Det er meir arbeidskrevjande, meir arealkrevjande og det kostar meir enn å drive konvensjonelt, men Grøstadgris tek òg ut ein høgare pris i marknaden.
–?Vi pleier å seie at vi sel dyrevelferd, og folk er opptekne av at dyra har hatt det godt. Når dei får rørt seg, brukt musklane og ete sunt, vert kjøtet òg betre, seier Knapstad.
I dag har Grøstadgris fire andre produsentar i tillegg til Grøstad gard, og saman produserer dei mellom 1800 og 2000 griser i året, ifølgje dagleg leiar Trude Viola Antonsen. Det kan verte fleire, men ikkje mange fleire.
–?Vi ser føre oss eit tak på 2500 dyr i året. Vi kan ikkje verte større enn at vi har full kontroll på dyra og produksjonen i alle ledd. Vi trur ikkje marknaden er særleg større heller. Det kostar litt meir å handle frå oss, for det skal vere lønsamt for bonden òg å produsere med høgare dyrevelferd, seier Antonsen.
Knapstad kallar Grøstad ein nisjeprodusent og eit supplement til mangfaldet. Ho trur ikkje ei slik driftsform kan ta over for konvensjonell drift.
–?Det går ikkje å gjennomføre. Om alle sleppte ut grisene på så store areal som vi gjer, ville det ikkje vore areal nok å dyrke fôr på. Det er meir snakk om to ulike driftsformer her, der forbrukaren vel kva han vil betale for, seier ho.
Ho understrekar at den konvensjonelle drifta i Noreg òg som hovudregel er bra, og har utvikla seg i rett retning heile tida sidan ho starta som produsent. Det Knapstad og Antonsen trur kjem til å kome av velferdsbetringar framover, er auka bruk av større rom, der grisene kan gå i flokk og på halm, framfor å gå i bås.
–?Det er nokre betringspunkt i regelverket som det går å gjere utan at det vert ei stor økonomisk belasting for bonden. For det er òg viktig å passe på. Endar vi med så store krav at produksjonen ikkje kan halde fram, får vi meir import, og på importen har vi mindre kontroll med dyrevelferda, seier Antonsen.
–?Ikkje kritisk
I Mattilsynet vert det no jobba med utkast til ei felles velferdsforskrift for storfe, småfe og svin. Der skal dyrevelferdskrava for dei ulike dyreartane harmoniserast og moderniserast, og regelverket skal forenklast, seier Torunn Knævelsrud. Ho er seksjonssjef for dyrevelferd i Mattilsynet.
Kjøtbransjen sjølv har etter tilsynsresultata frå Rogaland vedteke eit eige dyrevelferdsprogram for slaktegris, med krav om regelmessige veterinærbesøk, betre handtering av sjukdom og skadde dyr og økonomiske sanksjonar ved avvik.
Knævelsrud seier dei dårlege tilsynsresultata kom overraskande, men ikkje er karakteristiske for snittbonden i Noreg. Dei kan likevel få følgjer i den nye velferdsforskrifta, ved at element frå velferdsprogrammet vert forskriftsfesta, eller ved at produsentar må vere med i velferdsprogrammet om dei kjem over ei viss mengd slaktegris i året, seier ho.
Ifølgje Knævelsrud er det store biletet at dyrevelferda i Noreg er god for så vel storfe som småfe og svin.
–?Vi driv risikobasert tilsyn og går til besetningar vi meiner det er størst grunn til å inspisere. Resultata frå tilsyna våre seier difor ingenting om snittdyrehaldet i Noreg. Ser du på tala inngripande vedtak vi gjer på eit år, som å gje aktivitetsforbod, gjere avviklingsvedtak eller melde produsentar til politiet, er dei låge. Den store mengda avvik er ikkje av ein karakter som er kritisk for dyrevelferda, seier ho.
Ho trur ikkje vi er på veg mot produksjonsendrande krav til dyrevelferd. Det som er bestemt, er krav om fødebinge for kyr som står på bås frå 2024 og krav om lausdrift for alle kyr frå 2034. Andre kostnadskrevjande endringar vil eventuelt liggje langt fram i tid, ifølgje Knævelsrud.
Randi Oppermann Moe, som er professor i dyrevelferd ved Noregs miljø–?og biovitskaplege universitet (NMBU) Veterinærhøgskulen, trur det går mot meir differensiering i korleis dyr vert produserte, med merkeordningar og sertifiseringar som marknadsfører alternativ produserte med dyrevelferd utover minstestandardane i regelverket. Det ho er oppteken av, er at ei slik differensiering er forskingsbasert. Ho åtvarar mot å styre blindt etter forbrukarkrav.
–?Dyrevelferd handlar om både god dyrehelse og fridom til å drive artsviktig åtferd. Paradokset er at dei to tinga ikkje alltid dreg i same retning. Fridomen til å drive artsviktig åtferd kan òg gje grobotn for auka smittepress og sjukdom. Forbrukaren sitt syn på dyrevelferd handlar ofte om ein tredje dimensjon – det at dyr skal få leve eit naturleg liv. Men eit fritt og naturleg liv kan òg vere eit meir risikofylt liv, og det må vurderast kor stor risiko for smitte og sjukdom vi kan akseptere for å kunne seie at velferda er god. Viktige tema for forskinga er å finne gode løysingar som bidreg til at dyr får utøve åtferdsbehov, samstundes som dei òg er helsemessig trygge for dyra.
–?Trur du vi på sikt må finne nye måtar å produsere på av dyrevelferdsgrunnar?
–?Eg trur i alle fall at regelverket i dag ikkje er spikra. Vidareutvikling av regelverk må følgje av forskingsbasert kunnskap, men vil òg verte påverka av andre faktorar, som endringar i kva som vert oppfatta som «god nok» velferd og økonomiske rammevilkår, seier ho.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Rosa rullar av gris – men om skinka er ekte eller ikkje, er ikkje godt å seie ut frå eit bilete.
Foto: Pxhere.com
Kokt skinke
Ikkje eingong «ekte» er det det ein gong var.
Gunnhild Øyehaug har skrive bøker i mange sjangrar etter diktdebuten i 1998. Ho er også lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Foto: Helge Skodvin
Bulletinar frå ein medviten romanperson
Gunnhild Øyehaug skriv friskt og morosamt om draum og røynd i metaland.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.