Dødsbyråkrati i Kardemomme by

Døden ville verta mykje lettare om staten og helsestellet ordna han på ein vitskapleg sikker måte. Men der er òg ulemper med å institusjonalisera drap.

Publisert Sist oppdatert

Førre laurdag fylte VG framsida med komikaren Anne Kat. Hærlands portrett og bøn til norske politikarar i feite typar: «La meg velge døden». Fyrsteinntrykket var at ein kjendis vil døy og helst med ein gong. Men oppslaget viste til Hærlands laurdagsspalte i VG Helg der ho går inn for å utvida det norske helsestellet med eit tilbod om aktiv dødshjelp eller assistert sjølvmord til ulækjeleg sjuke som ikkje finn meining i å leva vidare. Synsmåten sin oppsummerer ho i ei omskriving av kardemommelova: «Man skal ikke plage andre, man skal være grei og snill, og forøvrig kan man dø når man vil.»

Her nytta VG ein kjendis til å opna dødshjelpsaka over fleire sider inne i avisa. Fyrstesideoppslaget om at Anne Kat. personleg gjerne vil ha tilgang til dødshjelp om ho skulle koma til å trenga det, er del av salsstrategien til avisa. Andre kunne sikkert argumentera annleis og kanskje betre for dødshjelp. Men i slike innlegg som Hærlands høyrer ein kanskje røysta til folket.

Glidande overgangar

Indirekte «dødshjelp» og indirekte «assistert sjølvmord» har alltid vore der, som til dømes når eit eldre menneske «mett av dagar» og trøytt av sjukdom gjev opp kampen for livet og sluttar å ta til seg føde eller bed legen om ikkje å verta behandla for ein sjukdom som raskt vil enda med døden, for å nemna to døme frå min eigen familie. Det vert òg gjeve smerte­stillande på eit vis som i praksis er dødshjelp, eller ein avsluttar livslengjande behandling. Eg har aldri høyrt nokon som har fremja innvendiger mot noko av dette, og kan heller ikkje sjølv koma på nokon særs gode innven­ding­ar her.

Heile denne gråsona ligg innan­for området til medisinen og vert styrd så godt som mogeleg ut frå dei etiske retningslinene til legeyrket i eit medisinsk miljø med høg etisk standard. Ein konsekvens av Hærlands innlegg er at avsluttande behandling av dødssjuke skal flyttast bort frå den medisinske og etiske autoriteten til legen. Pasienten skal sjølv kunna avgjera at legen skal drepa, og helsetenesta skal stilla opp med eit fullt tilbod om human avliving. I praksis ville dette kunna svekkja den etiske standarden i legemiljøet, fordi legen vert underordna pasienten og dei pårørande og kan verta tvinga til å handla mot overtydinga si.

Rituelt sjølvmord

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement