Det starta med Rushdie

Satirisk religionskritikk råkar eigenleg ikkje trua eller den einskilde truande, korkje muslimar eller kristne. Han råkar presteskapet som sit med makt over sinna og nokre stader òg med statsmakt.

Publisert Sist oppdatert

Korleis kan menneske svara på latterlege teikningar med massedrap?

På overflata er det absurd at noko så uviktig som karikaturar skal føra til organisert vondskap som nedslaktinga i redaksjonslokala til Charlie Hebdo og gisseltakinga og morda i den jødiske butikken ved Porte de Vincennes. Men under overflata ligg ei rad uløyste problem som i ekstreme utslag leier mot terror.

Heimsøkinga

Massakrane i Paris står i ein større samanheng som går heilt tilbake til oppløysinga av Det osmanske riket under den fyrste verdskrigen, då Frankrike og England tok over styringa av Midtausten, og islamsk fromskap og fundamentalisme vart sette opp mot vestleg økonomisk og kulturell overmakt.

Eit anna viktig tema er den nyare internasjonale migrasjonen, som skapte store muslimske diaspora, der delar av ein ny innvandrargenerasjon ikkje har vorte godt nok integrert, korkje økonomisk eller kulturelt. Såleis vart den gamle konflikten mellom islamske verdiar og vestleg kultur flytt frå Midtausten til Europa.

Frå Kabul til Paris

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement