Det hjernevaska folket
Fleire som var misnøgde med resultatet av den britiske folkerøystinga om EU i juni, hevda at folkerøystingar ikkje er demokratiske fordi folk ikkje er opplyste nok til å vita kva dei røystar på.
«Det er merkeleg at sosialdemokraten Thorbjørn Jagland nyttar den franske revolusjonen som vedtok menneskerettane og etablerte folkestyret, som skremmebilete.»
Folk er lettlurde og vert snøgt offer for demagogar, vart det sagt. Difor røystar dei mot sine eigne interesser, dei veit ikkje betre. «Brexit-kampanjen var basert på usannheter fra første dag, og de velgerne som bet på kroken, er de som har mest å tape på valgresultatet», skreiv Sten Inge Jørgensen i Morgenbladet 1. juli, i ein artikkel der han greidde ut for britane alt det dei ikkje hadde forstått om nasjonal–?og verdsøkonomi. «Om vi skulle styrt gjennom folkeavstemninger, hadde vi fortsatt bodd i huler», skreiv kommentatoren Astrid Meland i VG 9. juni. Folkesetnaden i dei europeiske landa lever og tenkjer på steinaldernivået, berre dei politiske leiarane er moderne. I EU-spørsmålet i Storbritannia til liks med i saka om samanslåing av kommunar i Noreg «har folk stemt på grunnlag av følelser og feilinformasjon», meinte Meland. Det er berre «demagogene og de politisk late» som likar folkerøystingar, for då kan dei avgjera utan å måtta ta ansvaret for avgjerda si etterpå.
Den fæle revolusjonen
Det same meinte generalsekretæren i Europarådet, Thorbjørn Jagland, som i ein kronikk i Aftenposten 1. juli såg valresultatet i Storbritannia som eit teikn på at «vi er på vei bort fra opplysningstidens idealer». Som slike ideal rekna Jagland den myndige borgarens frie meiningsdaning og den kritiske ålmenta, men òg at «ingen skulle kunne skape sine egne ‘fakta’, uavhengig av hva som er fakta».
Med denne uheldige formuleringa som skoddelegg at «fakta» må tolkast, og at mykje politisk debatt dreiar seg om slike tolkingar, meinte Jagland at den britiske tabloidpressa hadde ført ikkje berre folket, men òg EU-skeptiske politikarar bak lyset. Han gav ingen døme på lygnene, men melde at han var vorten sjokkert over vankunna om EU-saker i det britiske Underhuset, og at britiske journalistar ikkje hadde vore interesserte i synspunkta hans. Etter Jaglands syn fungerte ikkje pressa lenger som kritisk ålmente. Folk fekk ikkje lenger rett informasjon.
Samstundes som dei er uvitande, er mange òg sinte fordi dei er fattige. Årsaka til fattigdomen ligg i den «økonomiske globaliseringen», og kombinasjonen av kunnskapsløyse og sinne fører til «revolusjoner» som folkerøystinga i Storbritannia.
Her viste Jagland til den franske revolusjonen som døme på kva som ventar oss om vi ikkje får kontroll med dei globale kreftene som fører til ulikskap mellom folk. Slik kontroll kan vi berre få med hjelp av EU-institusjonane, hevda han. Tankegangen var at globaliseringa som øydelegg verda ikkje kan motverkast av nasjonalstaten. Overnasjonale institusjonar og statsdanningar som EU må til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.