Den siste oljen

Om vi ikkje snøgt finn ny olje og gass, må det verta færre arbeidsplassar i offentleg sektor. Likevel vil Fagforbundet ha LO og arbeidarrørsla til å seia nei til leiting etter ny olje. Klimasaka er viktigare enn ny olje.

Publisert Sist oppdatert

Er det noko som har lege fast, så er det at LO vil ha boring etter olje og gass i Lofoten og Vesterålen, dei mest lovande felta vi har att utanfor Noreg. Men no har stemninga snudd. Det klart største forbundet i LO er Fagforbundet; der har medlemene no vedteke denne formuleringa som dei vil ha inn i LOs program: «For å begrense temperaturutviklingen må mye av verdens, også Norges, fossile ressurser bli liggende urørt. En satsing på å utvikle nye arbeidsplasser som tar i bruk ren energi, vil være avgjørende for å skape et lavutslippssamfunn.» Og: «Norges olje–?og gassproduksjon må trappes ned i tråd med målene i Paris-avtalen, dette gjelder særlig sårbare og verneverdige områder.»

Forbundsleiar Mette Nord i Fagforbundet stadfester andsynes VG at områda dei tenkjer på, er Lofoten og Vesterålen: «– Ja, det vil gjelde Lofoten, Vesterålen og Senja.

–?De bør vernes? –?Ja, skal vi ta Paris-avtalen på alvor, så må vi faktisk gjøre noe også her i Norge. Vi har varige vern av vassdrag i Norge, og jeg synes vi må tørre å ta en slik prinsipiell debatt på kongressen.»

Nye tonar

Dette er noko heilt anna enn handlingsprogrammet LO-kongressen vart samd om for fire år sidan: «LO vil arbeide for igangsetting av konsekvensutredninger i de stengte og uåpnede delene av Barentshavet, Norskehavet og Skagerak.»

Det er kan henda ikkje naudsynt å seia det, men forbundsleiar Leif Sande i Industri Energi er djupt usamd og varslar kamp på LO-kongressen: «Det vil ikke hjelpe klimaet noe som helst: Hvis Norge legger ned sin olje–?og gassproduksjon, vil det ikke gi noen klimaeffekt, fordi etterspørselen er der og andre vil levere.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement