Den norske toleransen

Eg har budd i Noreg i over treti år og aldri opplevd rasistiske nordmenn.

Publisert Sist oppdatert

Ein dag kom eg inn på treningssentret og såg Zahid som eg aldri hadde sett han før. Skjegget hans var stort som Arfan Bhattis. Eg vart overraska. «Hei, pakkis!» helsa eg. Då han jobba på ein butikk eg ofte var i, vart eg van med å spøkja med han. Folk rundt oss reagerte, men då dei såg at vi båe var «pakkisar», skjøna dei at vi spøkte.

Eg kjenner Zahid som vanleg muslim, positivt innstilt til nordmenn og det norske samfunnet. I dag er han her på treningssentret med eit tett, svart, langt skjegg – slike skjegg som fundamentalistane går med.

Eg lika det ikkje. Eg spurde han kva leiaren for sentret meinte. Han er norsk statsborgar, men frå Afghanistan og like sekulær som meg. «Spør sjølv kva han synest. Du veit kva eg meiner», sa han og smilte.

Eg veit at han ikkje likar skjeggete menn og er imot all fundamentalisme.

Då ein annan mann høyrde meg klaga, såg han på meg med undrande blikk. «Kvifor er de intolerante mot kvarandre?» sa han.

Skjegget og sløret

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement