«Den magiske parentesen» i fransk historie

Léon Blum etterlét seg ei rad grunnleggjande reformer og sette opp ein mektig bom for den franske fascismen.

Publisert Sist oppdatert

Åtti år er gått sidan det korte lagnads­året for «la gauche» i landet til gallarane: folkefrontregjeringa i Frankrike 1936–37. Ho oppstod på ei antifascistisk bylgje og var berre mogeleg fordi Stalin slutta å brennemerkja sosialdemokratane som «sosialfascistar». Dette viktige omskiftet skjedde 31. mai 1934. Då trykte organet til kommunistpartiet, «L’humanité», ein artikkel frå Pravda der det heitte at «det var eit brotsverk mot arbeidarklassa å motarbeida ein felles front». Endeleg hadde Stalin skjøna trugsmålet frå Hitler.

Frå høgre kom svaret: «Betre med Hitler enn Blum.»

Det vart eit år i ein kvervelvind av reformer – 40-timarsveke, betalt ferie for fyrste gong (i Noreg sidan 1910), varsame nasjonaliseringar av bankane og delar av industrien. Dei braut ned makta til «dei to hundre familiane». Og ikkje minst Matignon-avtalen, den franske parallellen til den norske Hovudavtalen av 1935. Desse avtalane kom etter massive streikar i mai–juni 1936 (200.000 i tog 1. mai) og skapte eit meir samarbeidsorientert miljø mellom arbeid og kapital.

Folkefrontregjeringa endra Frankrike frå botnen av. Og det berre på eitt år.

Spansk tragedie, fransk reformvår

La oss setja den franske folkefrontregjeringa inn i eit breiare perspektiv. Denne sumaren har vi markert åttiårsmerket for to ytst konsekvensrike regjerings­danning­ar i nabostatane Spania og Frankrike: folkefrontregjeringane til sosialistleiarane Largo Caballero og Léon Blum.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement