Den lovlause ruspolitikken

Den norske narkotikapolitikken lir av sjølvmotseiingar og utopisk moralisme.

Publisert Sist oppdatert

I rusmiddeldebatten snakkar ein om ein langsiktig nullvisjon medan dødstala stig. Ein vil at bruken av narkotiske middel skal vera forbode, men lèt politiet tillata det. Rusavhengige vert definerte som pasientar, men får ikkje skikkeleg behandling.

Ein veit at opne russcener forsterkar problema, men gir ikkje nok ressursar til å oppløysa dei. Til i haust hadde vi den største opne russcena i Europa, og etter innbyggjartalet ligg vi nest øvst på statistikken over overdosedødsfall, med ti gonger fleire offer enn Frankrike og dobbelt så mange som Sverige.

Nygårdsparken

Sidan slutten av sekstitalet har Nygårdsparken i Bergen vore ei slik open russcene med openlyst kjøp, sal og bruk av narkotika, gjengregime og ordensforstyrringar. Det har vore landets eldste narkotikamarknad, ein fristad for kriminelle og rusavhengige. Slike opne russcener gjer det enklare å skaffa seg narkotiske middelog forkortar vegen til tyngre misbruk og internasjonal narkomafia.

Ei slik russcene er ikkje til å leva med for nærmiljøet. Heimen og arbeidsstaden vert omgjeven av forsøpling, ekskrement, sprøytespissar og innbrot, trugsmål og fare. Forretningar går dårlegare og vert nedlagde. Foreldre våger ikkje la barna leika ute og lyt følgja dei til skulen. Menneska vert oppgjevne eller rasande, samlar seg til interessekamp eller flyttar vekk, ikkje sjeldan med store økonomiske tap fordi buområdet deira er vorte berykta.

Overgrep mot ålmenta

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement