Dag og Tid har no ein serie gåande om offentleg kunst som pregar norske bygder og byar. Kva er god offentleg kunst? Kva er det som ikkje fungerer? Skal kunsten få utfalda seg fritt? Temaet engasjerer fordi offentleg kunst vert plassert på stader der folk ferdast mykje og som dei ofte har eit sterkt tilhøve til.
Å «treffa» med den offentlege kunsten er såleis viktig. Mange norske tettstader slit fordi sentrumsbutikkane bukkar under i tevling med kjøpesenter utanfor bykjernen. Offentleg kunst kan såleis vera eit bidrag til å gjera sentrum attraktive att. Dårleg kunst som skaper avstand, vil berre forsterka den uheldige utviklinga.
Korleis då få til eit godt offentleg kunstprosjekt på eit torg eller utanfor ein skule? For det fyrste: Ein må vita at god kunst ofte kostar pengar. Det må vera ei viss rausheit knytt til prosjektet.
Dessutan: Ein må etter beste evne få til ein komité med godt utplukka, solide fagfolk. Og det er krevjande, for det er så mange som meiner dei kan mykje om kunst. Alt frå byråkratar, politikarar, kunsthistorikarar, kunstnarar med fleire står fram med sterke meiningar.
Det må vera ein balanse i kunstkomiteane i norske kommunar. Både brukarane av byrommet – altså innbyggjarane på staden – og fagfolk bør koma til orde. No har det vorte kjent at regjeringa er viljug til å skrinleggja det kontroversielle kunstverket som var planlagt på 22. juli-minnestaden på Utøya. Det kan få konsekvensar for utveljinga av offentleg kunst i framtida.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.