Dei vaksnes russefest
Eksessane til russen er ikkje opposisjon, men tilpassing til det norske vaksensamfunnet.
Russefeiringa over oss att. Eit heilt årskull gutar og jenter trekkjer i raude uniformer for å demonstrera dei verste sidene ved den norske samtidskulturen. Som kvart einaste år på denne tida skal desse raude hordane i nokre veker syne oss som i ein trollspegel kor dysfunksjonell norsk kultur har vorte.
I førre veke vekte nokre russe-låttekstar oppstuss i dagspressa. Tekstar der jenter vart omtala som «horer» og oppfordra til å drikka seg frå sans og samling for å koma i stemning til upersonleg sex, vart oppfatta som ei oppskrift på valdtekt.
Men ingen sa noko imot den aggressive marknadsføringa i grisevisene av fyll og upersonleg sex i seg sjølv. Låtskrivarane meinte dei berre hadde gjeve uttrykk for «eit liberalt syn på sex». Ein «sexekspert» føreslo at russejentene skulle kjøpa seg griseviser med gutar på kne i staden for om--vendt.
Kort sagt skulle ein halda fram med grisepraten, laussexen og fylla som før, slik som kulturradikalarane har lært oss, men samstundes oppføra seg edrueleg, riddarleg og sjølvdisiplinert, slik som pietistane ville.
Sanselaust høvisk
Ein kan vera ein grenselaus skitstøvel vassdrukken av sprit og på jakt etter uforpliktande sex med kven som helst, berre ein samstundes òg er oppteken av menneskeverd og likestilling.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.