Dei gamle fjell
Dei som tok ut kapitlet om miljøindikatorane i statsbudsjettet, står friare til å forma ut ein politikk basert på blå og skyfri himmel med tjue grader i oktober – på Austlandet.
I ei scene i Ringenes herre prøver Gandalf og fylgjet hans å koma seg over fjellpartiet Tåkefjella. Men når dei kjem opp i høgda, må dei snu. Fjellet Caradhras er motviljug og vil ikkje sleppa dei over og svarar dei med torevêr og ras. Slik er det hos Tolkien og i mytane: Naturen har medvit og vilje og reagerer på det menneska gjer og seier. Caradhras har ikkje tilgjeve oss, som Gandalf seier.
Om det var slik, og det trudde vi i våre samfunn heilt opp til 1700-talet, då vi innførde bots–?og bededagar for å unngå brann og ulykker, då ville vêrlaget dei seinaste dagane vore ein treffande kommentar til statsbudsjettet. For det statsbudsjettet seier – i tal, om ikkje i ord – er at den miljømessige himmelen er aldeles skyfri og klar, som statsminister Gunnar Knudsen uttalte utpå sommaren 1914 – den gongen om utanrikspolitikken.
Aldri eins å sjå
I Romsdalen har Mannen mora seg med å løyna planane sine for dei fremste geologane i landet. Dei gamle fjell i syningom er framleis eins å sjå. Medan eg skriv dette. Men som lyrikaren Jon Tolaas ein gong skreiv, i vennleg opposisjon til Aasen: Dei gamle fjell i syningom er aldri eins å sjå. Dei skifter utsjånad frå time til time, og det hender også at dei skifter frå fjell til ur.
Når naturen spelar opp, fell vi fort tilbake i den mytiske tankegangen: Naturen slår tilbake, viser krefter, vil lære oss ei lekse. Som var naturen ein streng og aldrande lektor, som sette oss på plass når vi slumsa med grammatikken.
Men læra må vi nok gjera sjølv. Det gjeld også dei som skreiv statsbudsjettet, og som tok ut kapitlet om miljøindikatorane, som Gro Harlem Brundtland sette inn i si tid. Då står dei friare i å forma ut ein politikk som er basert på blå og skyfri himmel, med tjue grader i oktober – på Austlandet, i det minste.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.