Dei farlege orda
Amerikanske førelesarar må vera stendig meir varsame med kva tekster dei serverer studentane. Universitetet i Chicago har fått nok og nektar å vera med på utviklinga.
Førre veke kom dekanen ved universitetet i Chicago med ei åtvaring til fyrsteårsstudentane: Her ved universitetet driv me ikkje med trigger warnings. Kva meinte han med det, og kvifor fekk ei velkomstmelding frå ein dekan så mykje merksemd i amerikansk presse?
Særleg dei seinaste to åra har trigger warnings vore eit stort tema mellom amerikanske akademikarar. Trigger warnings fungerer som ei åtvaring til studentane, ei innleiande melding om at det du skal lesa no, kan koma til å støyta deg. I verste fall kan eit traume du har, verta «trigga» av å lesa teksta som fylgjer, og gjera traumet endå verre, seier åtvaringane.
Tema som vert utstyrde med slike åtvaringar, har som oftast å gjera med rasisme, klassetilhøyrsle, sexisme og seksualitet, diskriminering av handikappa, eller andre tema som er knytte til undertrykking av ei underprivilegert gruppe.
For dei av oss som har undervist ved amerikanske universitet, er det godt kjent at ein må vakta seg vel for kva ein seier og kva ord ein nyttar når ein står bak katetret og held førelesing. Men at ein i tillegg må vera varsam med kva tekster ein bed studentane om å lesa, er noko relativt nytt. Skal ein tru ei undersøkjing frå National Coalition Against Censorship, har fleirtalet av undervisarar i USA alt nytta trigger warnings ein eller fleire gonger.
At studentane har vorte så kjenslevare at dei må få åtvaringar om at dei kan verta traumatiserte dersom dei les pensum, er det likevel mange professorar som reagerer på. Organisasjonen American Association of University Professors har alt annonsert at dei formelt motset seg bruken av trigger warnings: Dei meiner slik praksis er eit trugsmål mot akademisk fridom, uansett om han er obligatorisk eller friviljug.
Ytringsfridom
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.