Biologien i rettssalen
Ein del kan tyda på at kvinner har lettare for å frifinna menn for valdtekt enn det menn har.
Det er neppe ei sak som nokon gong har vorte meir debattert på sosiale medium enn at tre menn vart frikjende for gjengvaldtekt i Hemsedal. Mennene har vorte namngjevne og truga på livet, meddomarane som frikjende, har vorte hengde ut med fullt namn, og Kvinnefronten og venstresida på Stortinget har kravt spesialdomstolar for valdtektssaker, og særleg menn skal visstnok ha lettare for å frikjenna menn grunna noko som vert kalla «mannssolidaritet».
Men om det er manglande skulddøming som er problemet, er det ein del som tyder på at kvinner er eit større problem enn menn. Fleirtalet av mindretalet – to av tre – som ville frifinna i Hemsedal, var kvinner.
Det er eit kjent fenomen at det er større frifinningsprosent i valdtektssaker enn i andre saker. I si tid starta difor riksadvokat Tor-Aksel Busch ei gransking som skulle sjå på kvifor. Tidlegare lagdomar Lars-Jonas Nygard fekk som oppgåve å intervjua meddomarar og jurymedlemer som hadde vore med på å døma i slike saker. I 2006 vart Nygard intervjua av Aftenposten om funna. I fleire av sakene fortalde juryformennene om sterkt fordømande og moraliserande haldningar andsynes framferda til offera, og det var dei kvinnelege medlemene som var mest fordømande. Eit offer vart omtala som ei «tøyte» som visste kva ho gjekk til. Tre kvinner meinte at «en ordentlig jente blir ikke igjen» (på nachspielet, red.merk.). «De mannlige medlemmene var ikke enige i det», sa juryformannen.
Fekk som «forventa»
I ei sak meinte fleire medlemer at «hun var med opp og var med på kliningen, da kan hun ikke plutselig ombestemme seg og bli tatt på alvor». «De kvinnelige medlemmene var nok ikke helt fordomsfrie», fortel ein annan juryformann om ei sak der alle dei fem kvinnene i juryen kom til at samleiet var friviljugt, og at valdtekta var rein dikting av di kvinna ikkje ville at det skulle koma fram at ho var utru.
Nygard fortalde til Aftenposten at ein finn «disse holdningene hos begge kjønn, men på kvinnesiden er den overraskende bred og sterk. Hvis offeret har oppført seg i strid med det disse kvinnene selv har oppdratt sine døtre til å gjøre, så sitter ‘skyldig’-svaret tydeligvis langt inn.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.