Arven frå verdsmeistrane

Publisert Sist oppdatert

Dei største meistrane har sitt «system». Garri Kasparov, den beste sjakkspelaren i historia, er òg den som har gjort mest for å forstå sjakkhistoria i gigantprosjektet My Great Predecessors i fem bind. Sjakkverda spør seg no kva som er systemet til Magnus Carlsen; kva gjer sjakkstilen til Carlsen for utviklinga av sjakkspelet? VM-matchen mot Vishy Anand som byrjar laurdag i Chennai, vil gje oss nokre svar, men fyrst litt historie. Vi byrjar med midtspelet, den fasen som definerer kvar einaste sjakkspelar.

Paradigmeskift i midtspelet

I midtspelet må ein tenkja sjølv. Her kjem ulike stilar til syne, til dømes åtaksspelaren (taktikaren); han som ikkje er redd for å komplisera spelet når ein luktar konge--blod. Slike spelarar har publikum elska til alle tider. Typiske representantar for denne stilen er Aljokhin, Tal, Fischer og Kasparov, dei fire mest populære verdsmeistrane i historia. Tal var den mest ekstreme taktikaren av dei, medan Fischer var òg ein posisjonsspelar. Ein universell spelar er både taktikar og posisjonsspelar.

Eit av dei største paradigmeskifta i sjakkhistoria kom med forståinga av posisjonsspelet. Det var den fyrste verdsmeisteren, austerrikaren Wilhelm Steinitz på slutten av 1800-talet, som gav oss eit teoretisk og praktisk fundament for moderne posisjonsspel eller harmonilære: samhandlinga mellom brikkene; fokus på veike og sterke bønder osb.

Den siste verdsmeisteren frå Vest-Europa, nederlendaren dr. Max Euwe, følgde opp i mellomkrigsåra og utvikla vidare forståinga av posisjonsspel i midtspelet. Matematikaren Euwe er nok den veikaste av dei femten verdsmeistrane, men innsatsen hans er likevel banebrytande. I meir enn sytti sjakkbøker lærde han sjakkverda om det vi i dag kallar «typestillingar»; spørsmålet om kva slags offiserar som fungerer best i ulike bondestrukturar.

Opningsrevolusjon i to etappar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement