Åndeleg atterreising no!

Det er parti i boka der ein verkeleg hikstar av fryd – går det an å vera så frekk mot det prektige norske åndslivet?

Publisert Sist oppdatert

Sakprosa

Kaj Skagen:

Norge, vårt Norge. Et lands biografi

Dreyers forlag 2018

Å atterreisa det åndelege, det er det Kaj Skagen vil. Å finna att det metafysiske, leita opp det religiøse, setja på plass det gløymde i tradisjonen vår frå Hans Nielsen Hauge til André Bjerke slik at alle kan peika på han og seia: Her er den åndelege dimensjonen i norsk åndsliv – den kristne så vel som den antroposofiske – som har hatt så mykje å seia, men som vi har vanskar med å sjå i dag.

Sympatisk, spør du meg. Og ikkje berre fordi han har vore forteia så lenge, den metafysiske dimensjonen, men fordi kulturen i fortida vert fattig og uforståeleg om vi ikkje får med dei åndelege forfattarane og filosofane, kulturpersonane og debattantane, kort sagt dei som ser oss andre frå høgare sfærar. Skubba til side Kva er då årsaka til forteiinga som gjer boka til Kaj Skagen så naudsynt og riktig no?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement