Det har vore fascinerande å følgja den colombianske fredsprosessen. I norske medium – som i cubanske Granma og i Venezuelas Telesur – har dei norske og cubanske forhandlarane i Havana stått på som heltar for å få slutt på den lange borgarkrigen i Colombia.
NRK tok sigeren på forskot – meiningsmålingane før den colombianske folkerøystinga varsla massivt fleirtal for dei 297 tettskrivne sidene i avtalen. Han hadde verdssamfunnet og alle gode krefter i ryggen.
Men jubelen vekte visst det colombianske folket. 50,2 av dei som røysta 2. oktober, takka nei. Det viste seg at president Juan Manuel Santos Calderón berre hadde fått fred med FARC-geriljaen, ikkje med Álvaro Uribe, den fremste kritikaren han har heime i Colombia.
Uribe var president frå 2002 til 2010 og er framleis den mest populære politikaren i landet. Han satsa på pisk heller enn på gulrot for geriljaen, og ei rolle spela det vel at FARC hadde drepe far hans. Elles dreiv Uribe Colombia og borgarkrigen i tett samarbeid med den samtidige USA-presidenten George W. Bush.
Såleis hamna Uribe i strid med Hugo Chávez i nabolandet Venezuela, som han (med god grunn) skulda for å stø den colombianske geriljaen. Med Juan Manuel Santos kom han i konflikt då Santos på sin tredje dag som etterfølgjar i presidentpalasset inviterte nettopp Chávez på statsbesøk.
At Santos fekk fredspris i staden for fredsavtale, får ikkje Uribe og den colombianske nei-sida til å snu. I beste fall gjev prisen Santos tyngd til å pressa geriljaen dit Uribe helst vil ha han – bak lås og slå. Narkotrafikken og bortføringane til FARC er ikkje politiske brotsverk som kvalifiserer til amnesti, meiner han og den colombianske nei-sida, som rimeleg kan vera.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.