Ålreite dyr og meiningsberarar
«Sauer er ålreite dyr», sa RV-politikaren Liv Finstad i 1983 då ho skulle forsvare RVs landbrukspolitikk i ei NRK-utspørjing. NRKs politiske kommentator Herbjørn Sørebø oppsummerte valkampen med at Finstads landskjende ord var det einaste som ville bli hugsa. Ho vart elles vald inn i bystyret for RV, saman med Erling Folkvord, som ti år etter også vart vald inn på Stortinget.
I år har TV 2 bestemt at småparti som Dei grøne og Raudt ikkje får vere med i partileiardebattane før valet, til harme kommentarar frå TV 2-veteran og røynd valkampjournalist Per Ståle Lønning. Han seier at TV 2 stiller seg i vegen for større politisk mangfald i Noreg. NRK slepper til dei to partia berre i sluttdebatten. Valforskar Anders Todal Jenssen meiner valkampen vil bli alvorleg svekt.
Raudt og Dei grøne har begge ein reell sjanse til å bli valde inn i nasjonalforsamlinga. Like viktig må det vere å få nye stemmer og meiningar inn i ein valkamp som elles vil bli ei langtekkjeleg repetisjonsøving i kjende standpunkt – ein valkamp som også har utarta til ein krangel om kven som kastar mest skit på kven. Difor er det avslørande når KrFs Knut Arild Hareide meiner det er i orden å stengje ute dei alternative stemmene, då debatten elles vert for vanskeleg å handtere!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.