1942 – det tyngste okkupasjonsåret

Marte Michelets bok, Den største forbrytelsen, om jødedeportasjonane under den tyske okkupasjonen ser ikkje deportasjonane i ein større samanheng.

Publisert Sist oppdatert

Skal ein gjere det, må ein må ein begynne i vest: Bergen hadde hausten 1941 sitt første store tap under okkupasjonen. Ein stor militær organisasjon som var bygd opp i tru på alliert landgang i nær framtid, vart riven opp av ein angivar, og mange vart arresterte. Seksti av dei døde i tyske KZ-leirar. Andre greidde å flykte over Telavåg og andre bygder vestover til Shetland.

Det vart nytt blodig alvor i april 1942 i Telavåg. Reichskommissar Josef Terboven sette Telavåg i brann som hemn for tap av to Gestapo-menn som hadde prøvt å arrestere to englandsfararar som viste seg å vere lingefolk. 71 menn frå bygda vart sende i tysk konsentrasjonsleir (der 31 omkom). Ein ungdom frå bygda vart dømd til døden. 18 mann, tekne i Ålesund i februar, vart skotne på Trandum.

Røykskyene frå brannen i Telavåg var synlege nord og sørover lands vestlandskysten. Dei skræmde mange, men stålsette nok også. Mange motstandsmenn sa: «Aldri meir eit Telavåg!» Leiande Milorg-folk meinte lærdomen av det som hadde hendt, måtte vere å byggje ut militære grupper og organisasjonar, men unngå konfrontasjonar, som førde til represaliar. Dette kunne bli vanskeleg. Overraskande besøk kunne også i framtida utløyse sjølvforsvar frå ein motstandsmann. Då var ikkje represaliane langt unna. Skulle ein heller la seg ta til fange med dei opprullingane ein kunne bli årsak til?

Motstandsarbeidet heldt fram

Tragedien i Telavåg stansa ikkje det militære motstandsarbeidet nokon stad. På Helgeland, i Vefsen og sørover til grensa mot Nord-Trøndelag hadde Linge-gruppa «Heron» vore i arbeid frå desember 1941. Dei hadde ordre om å byggje opp kampgrupper med spesielle oppgåver under ein alliert landgang. Dette var del av ein plan som var inspirert av same mål som Lofoten-toktet juledag 1941 og Måløy-toktet 2. juledag. Men krigens gang gjorde alliert landgang i Noreg mindre aktuell. Pendelen dreia sørover mot Afrika. I 1942 vart landgangen i Marokko førebudd og sett i verk 7. november. I Noreg trudde mange, både motstandsfolk og Wehrmacht, framleis på alliert landgang, Wehrmacht mellom anna på grunn av høg illegal aktivitet i landet. Dette passa dei allierte godt – medan dei strengt hemmeleg planla Afrika-toktet sitt.

Utbygginga av militærorganisasjonen på Helgeland og på Sørlandet hadde i seg eit element av hast som hang saman med invasjonstrua. Og denne var ikkje berre å finne på kysten, men også i sentrale krinsar i Oslo.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement