Musikk

Truverdig på Troldhaugen

Den sørkoreanske pianisten Ah Ruem Ahn i Griegs stove på Troldhaugen.
Den sørkoreanske pianisten Ah Ruem Ahn i Griegs stove på Troldhaugen.

Konsert

Schubert, Liszt, Grieg, Kreisler:

Klavermusikk

Ah Ruem Ahn, klaver. Troldhaugen i Bergen, fredag 25. mai

Ah Ruem Ahn, som vann Edvard Griegs internasjonale pianokonkurranse i forfjor, var sist sundag solist i Festspillenes signaturverk, Griegs «a-mollkonsert». To dagar før ho opptredde i Grieghallen fekk me høyra henne i intimt format, på Griegs eige Steinway-flygel frå 1892 i bestestova i Griegs villa på Troldhaugen. Framføringa av Griegs Poetiske tonebilder, op. 3, som blei komponerte i København i 1863, var sober. Men verkeleg minneverdig var stykket ho opna med: Sonate i c-moll, D 958, av Franz Schubert (1797–1828), som han skreiv nokre månadar før han døydde i Wien (truleg av tyfus, men han hadde uansett syfilis). Det er som om me her høyrer livsstrevet og dei kunstnarlege røynslene hans i sum, med ei tyngd og eit alvor som ikkje står tilbake for det beste av Beethovens sonatar. Sjølv om Ah Ruem Ahn ikkje har noka utprega utstråling på scena, var det noko ektefølt og truverdig over tolkinga som trollbatt. Både tyngda i anslaget i dei tette mollakkordane som opnar fyrstesatsen «allegro», og den litt formelle elegansen i «adagio»-satsen som fylgjer, vitna om ein ung pianist som verkeleg har noko å fara med.