Festspel

Tre klassiske konsertar du bør få med deg under Festspillene i Bergen

Den ungarske pianisten András Schiff.
Den ungarske pianisten András Schiff.

Håkonshallen, sundag 27. mai kl. 19.30

Ungarske András Schiff, som er blitt ein fast gjest under Festspillene dei siste åra, er ein seidmann ved klaveret. Frå dei førre solokonsertane hans i Håkonshallen hugsar eg han ikkje som ein utettervend og karismatisk konsertpianist – det som trollbatt, var den raffinerte klang- og fraseforminga, ein framføringsmåte som ikkje verka spontan, men som noko han står fullt og heilt inne for. Schiff plar halda seg til hevdvunne repertoar. Slik òg på sundag, der Mendelssohns fiss-mollfantasi, Beethovens Fiss-dursonate, op. 78, og nokre mindre stykke av Brahms står på programmet. Avslutninga blir kan hende høgdepunktet: Bachs Engelske suite nr. 6 i d-moll, eit verk Schiff har spelt inn på plate fleire gonger.

Grieghallen, sundag 27. mai kl. 19.30

Om du føretrekkjer orkester til klaveret, kan du til same tid på sundag i staden vitja Grieghallen, der Festspillenes faste «signaturverk» blir å høyra: Griegs Klaverkonsert i a-moll, i år med sørkoreanske Ah Ruem Ahn som solist, akkompagnert av Bergen Filharmoniske Orkester med sjefdirigent Edward Gardner. Men før du får Griegs søtsaker, blir det kompromisslaus samtidsmusikk av årets festspelkomponist og «artist in residence», russiske Sofia Gubaidulina. Fiolinkonserten hennar Offertorium blei i 1981 smugla frå Sovjet til Vesten og urframførd i Wien av latviske Gidon Kremer, som den gongen òg nett hadde hoppa av frå Sovjet. Og det er dette som gjer framføringa ekstra spanande: Solisten denne kvelden er den same Kremer, ein av verdas fremste samtidsmusikkfiolinistar.

Troldhaugen, fredag 1. og laurdag 2. juni kl 22.30

Når eg spør utanlandske journalistar som har vitja Festspillene, kva som er det beste minnet deira frå Bergen, er det fleire som har nemnt intimkonsertane i Griegs villa på Troldhaugen. Men du treng ikkje vera utlending for å kjenna på det heilt spesielle ved kveldane i Edvard og Ninas stove, der ein sit så tett kring flygelet at ein liksom kan pusta med pianisten. Neste helg er det den spanande kunstnaren Ingrid Andsnes som spelar tysk høgromantisk klavermusikk av Clara Schumann, Robert Schumann og Brahms – repertoar som høver perfekt til Griegs Steinway-flygel frå 1892.