Tonande biografi
Clemens Kemme lukkast i å attskapa Mozarts store c-moll-messe.

Mozarts Store messe i c-moll blir gjerne sett på som ein «tonande biografi», eit verk inspirert av ei konkret hending i livet til komponisten: Ifylgje kona Constanze lova han å framføra messa i Salzburg som takk for at hans fyrste barn overlevde fødselen. Om me kan stola på Constanzes ord – ho fortalde denne historia lenge etter at mannen var død – er omstridt, ikkje minst på grunn av at Mozart faktisk aldri sluttførte prosjektet. For til liks med den andre store messekomposisjonen hans, det meir kjente Rekviemet i d-moll, er c-moll-messa ufullenda: Nokre satsar er berre noterte som skisser, ander satsar manglar heilt. For å framføra verket i dag må det difor rekonstruerast.
Ein slik rekonstruksjon blei nyss gjennomført av musikkvitaren Clemens Kemme ved konservatoriet i Amsterdam, og det er hans nye versjon me får høyra på dette påkosta dobbeltalbumet med Chor des Bayerischen Rundfunks og tidlegmusikkorkesteret Akademie für Alte Musik Berlin. På den eine CD-en får me sjølve verket, medan den andre inneheld ein interessant «lyddokumentar» om korleis Kemme gjekk fram for å attskapa Mozarts monumentalverk. I dokumentaren deltek både kor, songsolistar og orkester med små lydsnuttar som syner Mozarts ufullstendige originalsatsar og korleis Kemme gjekk fram for å fullenda dei.
Lyddokumentaren finst diverre berre på tysk. Men sjølve innspelinga står på eigne bein: Tempoa er velvalde og artikulasjonen i koret elegant og naturleg. Og ein varmare og meir fargerik klang enn den til Akademie für Alte Musik Berlin, kan knapt tenkjast.