Musikk
To mot éin

Den tyske komponisten Georg Philipp Telemann (1681–1767) skreiv mykje for traversofløyte, den barokke tverrfløytetypen av tre med berre éin klaff. I 1730-åra byrja denne å fortrenga den gamle fløytetypen, blokkfløyta, som sidan mellomalderen hadde dominert på fløytefeltet, og frå på midten av 1700-talet utvikla han seg til å bli opplysningstidas moteinstrument nummer éin. Som den ukonvensjonelle og påhittsame tonekunstnaren Telemann var, instrumenterte han sin Kvartettsonate i d-moll, TWV 43:d1, med begge instrumenttypar – éi blokkfløyte og to traversofløyter.
Dette er ein kombinasjon eg ikkje kjenner til hjå nokon annan komponist. Det er som om den nye tida møter den gamle – ein konserterande kappstrid der den gamle blokkfløyta må hevda seg andsynes dei nye traversofløytene.
Sjølv om tolkinga til austerrikske Ensemble Ventus Iucundus har nokre fine detaljar, særleg når det gjeld ornamenteringa, er heilskapsinntrykket diverre i stivaste laget. Så vil du høyra sonaten meir livfullt spelt, vil eg heller tilrå innspelinga som ensemblet Musica Amphion kom med i 2013 på plateselskapet Brilliant Classics.