Til Tyskland med falsk identitet

BERLIN: Den israelske journalisten Zvi Yehezkeli syner kor lett det er å koma seg til Tyskland med falskt syrisk pass.

Istanbul: Ved ei av bruene over Bosporos møtte Yehezkeli mannen som sel falske syriske pass.
Istanbul: Ved ei av bruene over Bosporos møtte Yehezkeli mannen som sel falske syriske pass.

«Ikkje noko problem, for 1250 dollar skaffar eg deg eit syrisk pass», får Abu Hamsa vita av mannen bak disken i ein mobilbutikk i Istanbul. «Kva? Er det lett?», seier Abu Hamsa overraska og spør korleis det går om ein nyttar eit slikt falskt pass i ei internasjonal lufthamn, eller om styresmaktene i Tyskland kontrollerer det opp mot databankane sine. «Det skal ikkje vera noko problem», forsikrar mannen bak disken, «bortsett frå i Syria kan ingen overprøva om det ekte eller ikkje».

Det mobilforhandlaren i Istanbul ikkje veit, er at Abu Hamsa, han som vil kjøpa passet, ikkje er den fromme muslimske forretningsmannen frå Jordan han ugjev seg for å vera. Hamsa er i røynda den jødiske israelaren Zvi Yehezkeli, gravejournalist i den israelske fjernsynskanalen Channel 10.

Hjelp frå Mossad

I ein femdelt TV-serie som omsett til norsk heiter Falsk identitet og nyss er send på israelsk fjernsyn, syner Yehezkeli kor lett det er å søkja asyl i Tyskland med uekte syrisk pass. Resultata av undercover-journalistikken blei førre veke presentert over heilsider i den tyske avisa Die Welt og austerrikske Die Presse. Men ikkje berre den lette innreisa vekkjer oppsikt, òg måten «syraren» blir motteken på, blir oppfatta som ein skandale: Ein tysk tenestemann gjev råd om korleis ein best kan gå utanom det tyske lovverket.

Yehezkeli har irakisk-kurdisk familiebakgrunn og talar lytefritt arabisk. Med støtte frå den israelske etterretningstenesta Mossad konstruerte han ulike identitetar, mellom dei forretningsmannen Abu Hamsa. Mossad-folka var grundige og hjelpte han med alt frå opprettinga av ei fiktiv internettside som prov på forretningsverksemda hans i Jordan, til korleis ein skal be i ein moské, som det å stiga inn på bøneteppet med venstre foten fyrst. Hadde Yehezkeli gjort det med høgre fyrst, ville dette kunna ha avslørt han.

Over Middelhavet

Attende til Istanbul: For å få det falske syriske passet måtte Yehezkeli (alias jordanaren Abu Hamsa) møta ein anonym mann ved ei av bruene over Bosporos-sundet og ut med 250 dollar i forskot. Dei resterande tusen skulle betalast når han fekk passet. Handelen gjekk knirkefritt; etter eit par dagar kunne han plukka opp passet i ein restaurant i det syriske flyktningkvarteret i byen. «Dette passet var ikkje berre bra forfalska», fortel Yehezkeli til Die Welt, «det var praktisk tala ekte».

Få dagar etter passkjøpet landar Yehezkeli på flyplassen Tempelhof i Berlin, der han hamnar på flyktningmottak og kjem i kontakt med sosialarbeidarane for å forhøyra seg om korleis ein søkjer asyl i landet. Han er heldig: Sakshandsamaren hans – ein offentleg tenestemann – har budd i Tyskland sidan 1978, men er opphavleg frå Palestina. Sakshandsamaren får fort tiltru til Yehezkeli, som etter få timar har dei rette papira i hende; han er no offisielt syrisk flyktning med rett til sosialomsorg i Tyskland. Sakshandsamaren gratulerer: «Med Allahs hjelp byrjar du no eit nytt, islamsk liv her.»

Men Yehezkeli vil ha meir ut av sakshandsamaren og spør korleis han kan få kona si og barna til Tyskland. «Eigentleg må du venta i tre år, så får du familieinnvandring», fortel sakshandsamaren. Det er for lenge å venta, meiner Yehezkeli. «Då kan du jo henta dei hit over havet», føreslår sakshandsamaren, som tilbyr han hjelp med å planleggja fluktruta.

Men det hemmelege spelet endar ikkje her, for i Berlin tek Yehezkeli kontakt med islamistorganisasjonen Muslimbrørne under dekke av at han vil investera pengar i det sosiale arbeidet deira – i barnehagar, skular og moskear.

USA og Frankrike

Yehezkeli vitjar ikkje berre Tyskland i Falsk identitet-serien sin. Dei fleste episodane handlar om Frankrike og USA, der han kjem seg inn i islamistmiljø ved å operera under andre falske identitetar, mellom anna som palestinsk journalist frå ein islamistisk kringkastingskanal i Hebron. Særleg oppteken er han av å åtvara mot det han meiner er den statsundergravande verksemda til Muslimbrørne i Vesten, noko særleg episodane frå Frankrike og USA tematiserer, fortel han i eit intervju med den israelske avisa The Jerusalem Post.

I Israel har Yehezkeli fått kritikk for TV-serien; det blir mellom anna hevda at han nører opp under frykt andsynes islam og muslimar, noko The Jerusalem Post konfronterer han med. «Islam er ei legitim tru som alle andre religionar her i verda», svarar Yehezkeli. «Men berre til den augneblinken då politikken og organisasjonane knytte til denne trua freistar å tvinga ein ekstremistversjon av islam på andre muslimar. Dette er eitt av problema med Muslimbrørne. Det er ein grunn til at dei er kasta ut frå fleire arabarland – og det er ein grunn til at dei no opererer i Vesten.»

«Dette passet var ikkje berre bra forfalska,
det var praktisk tala ekte.»

Zvi Yehezkeli, journalist