Frå innsida
Vår venn Atomét
I ein viktig periode i barndommen trudde eg at Fantomet blei uttalt Fantomét med trykk på siste staving. Det same gjorde alle i omgangskrinsen min. Så då eg såg annonsen for filmen «Vår venn atomet» i Bergens Tidende, trudde eg naturleg nok at det var snakk om vår venn Atomét, truleg ein annan superhelt. Annonsen hadde også ei teikning av ei ånd som kom ut av ei flaske, som i eventyret om Aladdin. Så denne filmen måtte eg jo berre sjå. Eg måtte snarast komme meg til Bergen og Logen kino.
Filmen viste seg sjølvsagt å vere ein slags undervisningsfilm, svært keisam, om nettopp atomet og alt det gode og fine det kan brukast til. Superhelten Atomét dukka ikkje opp ein einaste gong, og eg reiste nokså slukøyra heim.
Seinare blei eg også korrigert av far min, som var Fantomet-entusiast, og som fortalde meg på sitt milde vis at Ånden som går, ikkje heitte Fantomét, men Fantomet, med trykk på andre staving. Slik blei eg då ein lærdom rikare og ein illusjon fattigare. Og eg blei frå no av meir kritisk når eg las kinoannonsar.
Feil om kjend song
På mi førre Innside siterte eg ei linje frå den kjende skotske songen «Loch Lomond», og eg hevda på dilettantisk vis at det var diktaren Burns som hadde skrive teksten. Det hadde han sjølvsagt ikkje, og lesar Arve Brunvoll (går ut frå at det er salmediktaren?) har vore så vennleg å korrigere meg. Han skriv:
«Det er fint at du snakkar opp sekkepipa, men så seier du noko svært underleg. Det kan sjå ut som om du verkeleg meiner at Robert Burns har skrive ’By yon bonnie banks’. Det har eg aldri høyrt før, endå eg trur eg kjenner Skottland godt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.