Ute og inne blant folk finst det usemje om når våren kjem. Her i bokstova er me einige om fasiten, men lat oss fyrst sjå på svara som er feil.
Me byrjar med vitskapen om verdsrommet og himmellekamane, altså astronomien, som påstår at våren er tida frå vårjamdøger til sommarsolsnu. I år vil det seie at våren fyrst inntreffer fredag 20. mars kl. 14:46 i Noreg.
Like så ravgale er det når meteorologane meiner at våren er komen når middeltemperaturen ligg mellom 0 og 10 grader celsius. Vårherre veit når det så skal verte vår.
Nei, Klok-redaksjonen held seg til kvardagsmålet som seier at våren femner om månadene mars, april og mai. Det vil seie at alt no på sundag kan du kjenne på ei kjensle av auka livshug. Den er det våren som vekkjer.
Så til løysinga på oppgåve 1711 og til Laurits Killingbergtrø som skriv: «Eg kan enda ein gong takke Medikus Libri for at eg har vorte betre kjend med ein forfattar som eg berre har slenglese stykke av tidlegare. Med snoking på nettet fann eg ut at forfattaren denne gongen er Astrid Tollefsen, fødd i Horten i 1897 og død i 1973, same året som den engelskspråklege australiaren Patrick White fekk Nobelprisen i litteratur, slik Medikus tipsa oss. Boka av Tollefsen har tittelen Hendelser, og no har eg lese boka (sakte denne gongen), og eg synest ho gav meg mykje. Sjølv om dei som kjenner meg, veit at eg helst vil ha tradisjonell lyrikk med bunden rytme og rim. I boka drygjer forfattaren mykje med årstidene, og der har eg funne at ho mellom anna omtalar månadene januar (s. 17), april (s. 18) og mai (s. 28). Held dette, tru?»
Gunder Runde skriv: «Astrid Tollefsen debuterte forholdsvis seint, ho hadde vedda med seg sjølv at ho skulle debutere før ho fylte 50, og det greidde ho så vidt det var – debut i 1947 (Portrett i speil), same året som ho vart sambuar med ein annan viktig norsk lyrikar, nemleg Gunvor Hofmo. Desse to var blant dei aller første som gjekk offentleg ut om sitt samkjønna sambuarskap. Til saman 13 diktsamlingar kom frå Astrid Tollefsens penn/skrivemaskin frå 1947 til 1969, og i tillegg kom ei samling dikt i utval i 1973. I tillegg til Gunvor Hofmo er ei anna Astrid, nemleg Astrid Hjertenæs Andersen, ofte nemnd i same andedrag. I 1963 gav Den norske Bokklubben ut ein antologi med dikt av desse tre lyrikarane, med tittelen Treklang. Ulike forfattarar, men med visse drag felles. I dag er det vel Gunvor Hofmo som er den best kjende av desse tre, kanskje med unntak av ’Hestene står i regnet’, som er det best kjende av Astrid Hjertenæs Andersen sine dikt. Kjekt gjensyn med Astrid Tollefsen, der samlinga Fugl blå frå 1963 sit best i mitt minne.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.