Det har vore val i Noreg, og mange har nytta høvet til å velje og å vrake. Her i bokstova vil me helst ikkje blande skjønnlitteratur med partipolitikk. Det finst det fleire gode grunnar for, eit naturleg døme er sjølvsagt Knut Hamsun.
Når det gjeld uttrykket «valets kval», kan det nok vere ein, eller ein annan, som kjem til å falle for freistinga med å lage ordspel om eit pattedyr i ordenen Cetacea som lever i havet. Dette er ikkje noko me vil tilrå og slett ikkje noko som Klok-redaksjonen kunne finne på.
Då gjev det meir meining å gje ordet til Laurits Killingbergtrø. Han skriv: «Takk for ny oppgåve, Medikus. Denne gongen er eg ikkje trygg på at du godkjenner svara mine, for det har gått litt i rykk og napp med meg. Kva bok fann eg heller lett etter tipsa om nobelprisvinnarar og (mogleg) utgjevingsår. Så etter ferdig leiting sit eg no med boka Allmenningen, forfatta av Helene Guåker frå Ringsaker. Eg tenkte å berre skumlese boka for å finne svar på tilleggsspørsmålet, men ho var så fengjande at det vart vanleg lesing. Så til spørsmålet om hundane Ja, Karon er sikker; han er nemnd på mesta kvar side. Og som den likestillingsvenen eg er, vil eg slå eit slag for ei tispe som andre hund. På side 172 er nemnd Frøya, som jamvel ser ut til å hyse varme kjensler for denne Karon. Det gjer ho med eit djupt bjeff når ho ser han. På side 178 gneg ho på eit elgbein. Eg vart nyfiken på namnet Karon og slo opp i leksikonet og fann det same som også står i boka. I gresk mytologi var det namnet på ein ferjemann som førte dei nyleg døde over elva Styx til dødsriket. Vår hundevenn Karon i boka vi har lese, fekk vel omtrent ei slik ferd til slutt. Så god sluttreise, sympatiske Karon, og takk til forfattar Helene for at vi vart så godt kjende.»
Reidar M. Bringedal skriv: «Denne gongen er eg komen fram til at dette må vera ein forfattar som er heilt ny for meg, boka har eg altså ikkje merka meg før no. Eg trur det må vera Allmenningen, skriven av Helene Guåker. Det er ein roman på Aschehoug frå 2023.
Som ho sjølv seier, er det ei bok skriven til ’en kommune, en bomvokter og til tapt og finni kjærlighet’. Guåker er ingen ny forfattar, sidan 2010 er der kome 14 bøker frå henne. Å finna fram til forfattar og kva bok det kunne vera, vart ikkje det største problemet, men desse to hundane måtte eg ha hjelp til frå vårt lokale bibliotek. Eg lånte boka og tok til å lesa. No er eg framme ved hendinga der Lodve får høyra at allmenningen ikkje har bruk for han lenger. Eg leita etter hundane og fann Karon og Frøya. Men på vegen dit måtte eg sanna at dette var ei bok som eg burde lesa. Dei to, tre karakterane oppe ved bommen var noko særeigne for meg, men tankane til Lodve om naturen og om hans nærleik til alt som rørte seg, grodde, vaks og levde der og til slutt vart øydelagt av omsynslaus flatehogst, det fekk meg til å hugsa nett denne soga frå mi eiga heimbygd, der vart skogkledde granlier som eg sjølv var med og planta til i skuleplantinga på 50-talet, nyss no lagde snaue med svarte moldstriper etter glupske hogstmaskiner. Der var det ingen allmenning som styrte, men gardbrukarane sjølve som dreiv ’forvaltning’. Kanskje kjem eg til å senda boka som julegåve til desse. Men sjølvsagt bør boka lesast av fleire, eg er den fyrste som les boka som står på vårt lokale bibliotek.»
Inger Anne Hammervoll skriv: «Forfattaren var til no heilt ukjent for meg, så takk for at du presenterer oss for gode bøker som i alle fall eg ikkje ville fått auge på elles, i vrimmelen av nye utgjevingar.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.