Klok på bok
Unyttige idiotar
Denne gongen er spalta skriven i Spania. Kan hende utgjer det ikkje den store skilnaden, men me kan ikkje utelukke at varmen og væskeinntaket fører til at teksten her og der vert utflytande og uskarp.
Rett før, eller var det etter at, boklækjaren fekk solstikk, dukka følgjande spørsmål opp i medvitet: Ingen vil vere idiot, men om ein lyt vere det, er det så å føretrekkje å vere nyttig eller unyttig idiot? Diskuter, gjerne i grupper, dette særs interessante temaet. Når de har kome fram til ein konklusjon, er det i orden å meine at boklækjaren snart bør finne vegen heim til bokstova.
Geirr Wiggen skriv: «Tekstutsnittet i Klok på bok 1697 gjer oss merksame på ein forfattar frå USA som nok har vore ukjend for mange her til lands: John Kennedy Toole. Han vart fødd i 1937, det året franskmannen Roger Martin du Gard (1881–1958) fekk Nobelprisen i litteratur. Den arrogante utsegna frå den litterære hovudpersonen om berre å vilje ha med likemenn å gjera og, dermed, ingen i det heile tatt, ettersom han ikkje held nokon for å vera hans likemann, er henta frå romanen A Confederacy of Dunces, som Louisiana State University Press gav ut i 1980. Det er nyutgjevinga på norsk i 2024 Medikus Libri har lese andreutgåva av, Et forbund av idioter (Pelikanen forlag), omsett av Pil Cappelen Smith. Hovudpersonen er Ignatius J. Reilly, ein mellomalderhistorielærd, men arbeidslaus mann som bur i lag med mor si, enkefrua Irene Reilly. Han er full av forakt for alt i samtida og gjev kraftig uttrykk for det. Det gjer boka til både ein samtidssatire og ein svart komedie.»
Skeisebibliotekaren i LASK skriv: «Dette er en roman som jeg har lest to ganger, med 25 års mellomrom og i to ulike oversettelser; den første hadde tittelen Tåpenes sammensvergelse – en roman fra New Orleans og var oversatt av Nils Werenskiold. Denne oversettelsen holdt åpenbart ikke mål sett med Knausgård-forlaget Pelikanens øyne, hvorpå de hyret inn Pil Cappelen Smith for å foreta en ny sådan. Den fikk tittelen Et forbund av idioter, en tittel som vel er nærmere originalens: A Confederacy of Dunces. Jeg vil ikke mene noe om hvilken som er best, til det er det for lenge siden jeg leste den første, men jeg kan si så mye som at jeg hadde utbytte av begge! John Kennedy Toole fikk – i sin levetid – aldri den anerkjennelse han mente han fortjente, noe som bidro til depresjon, hvilken etter sigende igjen bidro til at han tok sitt eget liv i 1969. Han hadde da i flere år forgjeves prøvd å få boken utgitt. Etter hans død fortsatte hans mor Thelma den kampen, og i 1980 ble den endelig utgitt. Toole fikk altså aldri oppleve å bli anerkjent for sitt talent, men i 1981 innkasserte boken Pulitzerprisen. Thelma Toole levde til 1984 og fikk i det minste oppleve dette, den endelige berømmelsen til han som hun kalte ’My son, the genius’.»
Cathrine Bore skriv: «Fascinerende posthumt forfatterskap, eller hva man nå kan kalle det.»
Kirsten Ribu skriv: «Takk for at du gravde fram denne rariteten!»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.