Klok på bok

Tungmetall

Publisert

Det var imponerande mange innsendarar som viste seg poesikunnige denne gongen. Sist denne diktaren var løysing her i bokhjørnet (januar 2023), fekk me inn berre litt over 20 godkjende svar på ei blytung oppgåve. I dag kan me presentere ei liste med meir enn 60 personar som fann fram til rett forfattar, og me set stor pris på at gjendiktaren er blant dei.

Ein annan kar som kom fram til rett svar, heiter Frode Thorup. Han skriv: «Sitatet er frå ’Spring night’– ’Vårnatt’ av amerikanske, norskætta Robert Bly. Diktsamlinga heiter: The Urge to Travel Long DistancesDenne trongen til å reise langt. Det er ein poet og ei diktsamling eg set svært stor pris på. Her er dikt som viser til månadar: ’A Cold Rain in May’ – ’Kaldt regn i mai’, ’October maples’ – ’Lønnetre i oktober’, ’November’ – ’November’.»

Olaug Denstadli skriv: «Det dukka opp ein kort tekst frå eit lite og fint dikt denne veka. Diktets opphav kom fort opp da eg begynte å søke, takk vere Poesiringen på FB, tenk det, på FB av alle ting! Diktet er frå samlinga Denne trongen til å reise langt, utgitt på Ura forlag i 2022. Og så fekk eg lære litt om Robert Bly, forfattaren, som eg kjente litt til frå før, men aldri har lese noko av, så vidt eg veit. At han også har aner, ikkje berre frå Hardanger, men frå landsdelen min, Trøndelag (Beitstad), er plutseleg artig å gå rundt og vite. No ligg den vesle, vakre boka med så fin tittel her hos meg fordi diktsamlinga fanst på hylla på biblioteket mitt. Når eg les dikta, er det nesten så eg kjenner at dette like godt kunne vore skrive i og frå eit inntrøndersk bygdelandskap. Takk for diktet og boka!»

Eli Hegna skriv: «Det lille forlaget Ura i Volda utgir bare bøker som forleggeren har lyst til å utgi. Bl.a. Robert Bly’s seneste diktsamlinger – 4 små bøker opprinnelig utkommet da forfatteren var mellom 75–85 år. Gjendikteren, Odd Goksøyr, har gjort et vellykket arbeid – det framgår tydelig av denne parallellutgaven.»

Odd Goksøyr skriv: «I denne samanhengen er eg sjølvsagt ugild, men skriv likevel for å stadfeste at Gunder Runde og Øyvind Fenne, sjølv om dei er mine gode vener, har funne svaret heilt utan mi hjelp. Gunder til og med før eg hadde kome så langt i D&T, sidan eg les avisa frå starten, mens Gunder tek til bakarst. Det var elles gildt å bli påmint dette prosjektet med å gjendikte fire av dei siste bøkene som Robert Elwood Bly gav ut, som eg fekk gjort i godt samarbeid med Jan Ove Ulstein og hans vesle Ura forlag. Står på lista over ting å vere takksam for.»

Jan Erik Røed skriv: «Herlig forfatter med slekt fra Bleie i Hardanger og årelang brevskriver med Tomas Gösta Tranströmer og en av mange USA-poeter Jan Erik Vold sørget for å gjøre kjent for oss.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement